Karsten Warholm - Dimna IL sin nybakte verdsmeister i mangekamp under U18-VM i friidrett i Ukraina, kom heim, måndag føremiddag.

Og mottakinga var ein verdsmeister verdig:

På flyplassen venta både Ulstein-ordførar Jan Berset og ein velkomstkomité med rundt 30 frå moderklubben med blomar, flagg og kaker.

- Dette passar fint, eg rakk ikkje å ete frukost, fleipa hovudpersonen sjølv.

Sjå også: Fleire bilde frå mottakinga

- Korleis er det muleg å trene seg til verdsmeister på bygda på Sunnmøre, spurde Ulstein-ordføraren.

- Det kan forklarast med eitt ord, meinte leiar i Dimna IL, Olav Hansen, som også var på Hovden, måndag:

- Miljø.

- Det at det er så moro og lite gravalvor på treninga er også essens, meinte trenar Arve Hatløy vidare.

- Om det var berre Karsten og eg som trente åleine, utan dette miljøet rundt, kunne han aldri ha blitt verdsmeister, la han til - før følgjet dro vidare til meir kaker og fest. Denne gongen på grendehuset på Dimna.

Les også: 17-åring for de store anledninger

Les også: Warholm er verdensmester

Les også: Dette er trolig Norges neste verdensmester i friidrett

Les også: Økte ledelsen

Les også: Warholm i førersetet

Les også: Pangstart for Warholm

FOTO: MARIUS BØSTRAND
FOTO: MARIUS BØSTRAND