Det var klokka 20.04 at Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS) fekk melding om sjarken sto i full fyr, og alle ressursar vart kalla ut.

Mannen fekk på seg overlevingsdrakt og hoppa på sjøen, og det var ikkje andre personar om bord.

Følg smp.no på Facebook

Brør rykka ut

På den andre sida av fjorden såg brørne Christian og Werner Tømmerstøl det som skjedde. Gutane nøla ikkje, og kasta seg i ein hurtiggåande båt for å hjelpe den uheldige sjarkfiskaren.

– Då vi fekk han om bord var han sliten, og verka å vere i sjokk, fortel Christian til smp.no.

Mannen hadde då svømt eit stykke vekk frå den brennande båten etter å ha hoppa. Politiet i Sogn og Fjordane bekreftar historien til brørne.

Til legesjekk

Kort tid etterpå kom nokon andre lokale båtfolk til staden og tok den medtekne mannen over i ein ny båt, og fekk han inn til land på Vanylven-sida av fjorden.

– Mannen som var om bord i båten er no brakt i land. No er det brannvesenet som tek av brannen, og helsepersonell tek seg av mannen, seier redningsleiar Cecilie Øversveen ved HRS til smp.no.

Mannen vart teken med til lege for sjekk fordi han hadde fått i seg ein del røyk, men det skal etter forholda stå bra til med han, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Store ressursar

Både redningsskøyte, ambulansehelikopter frå Ålesund, dykkarar frå brannvesenet og helsepersonell vart kalla ut i samband med aksjonen. I tillegg vart eit redningshelikopter frå Førde sett i beredskap.

Smp.no har fått opplyst frå augevitne at det dreiar seg om ein drøyt 30 fot stor sjark som vert nytta til fiske. Ein time etter brannen vart meldt, stod den fortsatt i brann medan brannvesenet dreiv sløkking.

Har du opplysningar til denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400

Den om lag 30 fot store sjarken sto i full fyr laurdag kveld. Årsaka til at det begynte å brenne er ikkje kjent. Foto: Steinarr Sommerset
De to brørne Werner og Christian Tømmerstøl frå Ulsteinvik, var på hytta på Stad-sida av fjorden då brannen braut ut. Foto: Privat
Båten vart fullstendig utbrent av flammane som herja. Ein time etter brannen vart meldt - var det framleis fyr i båten. Foto: Ottar Ekremsæter
Hovudredningssentralen kalla ut alle ressursar då det vart meldt om brann om bord i ein båt i Vanylvsfjorden på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Kart: Google Maps