Søndag ettermiddag har nesten 2 850 000 sett klippet frå utdrikkingslaget til Øivin Vabø, der kameratane lurer han til å tru at han skal kaste seg utfor ei høgde i strikk.

Med så mange sjåarar er klippet månadens norske hit - og det med god margin.

Stadig veksande

Då videoen passerte 100.000 visningar, sa hovudpersonen til NRK Sogn og Fjordane at det var «heilt vilt». Og laurdag, då over to millionar personar hadde sett klippet var han nærast tom for ord.

– Det er så gale. No er det «heilt sjukt». Det finst ikkje ord, ler han på telefonen til NRK.

– Det var jo ein video vi la ut for å dele blant kameratar, men det tok jo heilt av, seier han vidare.

Og talet på sjåarar veks fortsatt.