Den sakna nederlandske guten som datt i elva Videdøla i Stryn vart laurdag kveld funnen. Politiet gjorde seg ferdig på staden klokka 01.50.

Den omkomne vart funnen i eit juv, og det er sterk straum. Innsatsleiar på staden, politibetjent Geir Olsen, melde om at det var ein svært krevjande aksjon å få den omkomne opp fra juvet. Klokka 22.40 var guten tatt opp frå elva, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.

Torsdag

Det var torsdag ettermiddag at guten datt i Videdøla. 330-skvadronen, luftambulanse, redningsdykkar mannskap frå Røde Kors, lokalt brannvesen og politi vart kalla inn. Men torsdag kveld sa politiet at det ikkje lenger var håp om å finne guten i live i den strie elva.

I løpet av laurdag vart det gjort tiltak for å redusere vassmengda. Sandsekkar vart flogne opp med helikopter. I tillegg fekk ein entreprenør med gravemaskin laga demning som reduserte vassføringa.

- Godt samspel ved bruk av hund, alpin redningsgruppe, Røde Kors, elveredningsgruppe, sivilforsvaret og mannskap elles resulterte i funn av guten, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange.

Pårørande er tatt hand om av kriseteam og prest.