– Neimen, kome litt til meg også no då, kosepusen! Ei eldre kvinne strekkjer ut handa mot katten - som ligg lat på rullatoren til ei anna.

Det er mest ikkje måte på til katteidyll i andre høgda på Hjørundfjordheimen. Vi hadde jobbærend til eldreinstitusjonen, og gjekk målretta mot hovudinngangen. Inn frå venstre kjem springande ein lodden dott på fire bein. Så målretta er han at vi ikkje greier å hindre pusen i å smette lynsnart inn dørsprekken - og vidare over i majestetisk gange opp troppa - med ei buskete rumpe rett til værs...

Aristokatten

Det er mest ikkje måte på til katteidyll i andre høgda på Hjørundfjordheimen. Vi hadde jobbærend til eldreinstitusjonen, og gjekk målretta mot hovudinngangen. Inn frå venstre kjem springande ein lodden dott på fire bein. Så målretta er han at vi ikkje greier å hindre pusen i å smette lynsnart inn dørsprekken - og vidare over i majestetisk gange opp troppa - med ei buskete rumpe rett til værs...

– Baldrian? Det gjer ingen ting, han høyrer til her, han! Så får vi historia - om ein halvtanna år ung og frisk skogspus - som hamna på korttidsvisitt på sjuke- og gamleheimen i bygda då han var berre kattungen. Og som dei eldre på avdelinga no nektar å gje slepp på. – Han e so fine og kjekke, atte! Borghild Urkegjerde kjem riksande opp korridoren med rullatoren sin. På bagasjebrettet ligg han - Baldrian. Årvaken og avslappa på same tid. Ein ekte aristokatt!

Kviknar til

Over alt kappast dei eldre om å få ei hand på den populære pusen. Medan vi pratar, hoppar han opp i ei seng i næraste rom med open dør - vil kvile middag i oppreidd seng...

Jørn Johnsrud (29) er sjukepleiar ved avdelinga. Han får mild beskjed om å hente ut katten til Sylvi Kvam, som enno ikkje har fått helsa på han i dag.

- Nei, å nei, du fine vesle karen, klappar ho. Johnsrud stadfestar at katten er reinhekla reseptfri trivnad for dei gamle.

– Du kan sjå korleis dei kviknar og livnar til i augo når dei får kjæle litt med denne katten.

– For nokre kan det vere nok berre å få prate til han. Dei føler alle ei veldig omsorg for Baldrian, opplever Johnsrud.

Utan mus

Han legg til at katten har vore svært reinsleg frå første stund, og at ingen på avdelinga er plaga av allergiar. Avdelingskatten blir elles såpass godt mata, at han ikkje skal falle for freistinga å drage i hus mus - for å imponere sine mange nasegruse beundrarar.

– Han er høgtidleg innskriven på eit eige personalmøte, og har eigen mappe i personregisteret vårt. Han gjer ein kjempejobb, og fortener faktisk det beste stell, smiler Jørn Johnsrud.

Ei oppreidd seng er ikkje å forakte, når det blir akkurat litt for mykje oppstyr i korridorane...
Sjukepleiar Jørn Johnsrud skaffar velvillig tak i Baldrian, så også Sylvi Kvam får helsa på. Det var elles ho som døypte kattungen då han kom i hus.
Her står det svart og raudt på kvitt – Baldrian er formelt innskriven på Dalastova.