Kontrollutvalet i Ulstein kommune har handsama ei innfløkt sak om tildeling av omsorgsløn i kommunen. Kommunerevisjonen har fillerista omsorgslønordninga og påpeika mange sakshandsamingsfeil.

Advokaten som kontrollutvalet bruker seier i sin gjennomgang at «Saksbehandlingen (...) er så klanderverdig at desse sakene bør takast opp att (...) og vurderast av ein uavhengig instans».

Kontrollutvalet si sak om omsorgsløn skulle opp som meldingssak i kommunestyret i Ulstein torsdag kveld, men der dukka også opp ei liknande sak i tillegg. Helsetilsynet hadde tilsyn med bruk av tvang overfor psykisk utviklingshemma, og avdekte fleire avvik. Tilsynet ser ut til å vere halde unna både offentlegheita og politikarane.

Erstatningssak

No vart begge desse sakene lagt på politikarane sitt bord. Og saman med den informasjonen, kom ordføraren si melding om at kommunen kan hamne i retten.

– Eg har ei sak knytt til meldingane frå kontrollutvalet og det er naturleg at kommunestyret vert orientert, sa ordførar Jan Berset. Kommunen har teke imot melding om mulig erstatningsøksmål i saka om omsorgsløn. Det gjeld ein person som meiner ein er urettmessig nekta omsorgsløn og at kommunen på rettsstridig vis har øydelagt mulegheitene for å få prøvd saka på nytt.

Pål Grødahl frå Venstre bad om å få vite meir.

– Desse sakene må kome fram for politikarane i si fulle breidde. Det fekk han samrøystes gehør for. Ordførar Jan Berset lovde å innfri så langt det let seg gjere sett opp mot prosessen med at det kan kome eit søksmål.