Dette seier styremedlem Jarle Myklebust i reiselivsaktøren Hjørundfjord Andventures AS på Bjørke. Det eitt år gamle selskapet sender no søknad til Ørsta kommune om løyve til å gjennomføre testturar med helikopterfrakt til topps - på fire markante alpine toppar i Sunnmørsalpane.

Hjartet

– Dei aktuelle toppane står, som vi sjølve, midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Desse fire, Skårasalen, Dukhornet, Randers topp og Risenosa, er valde ut med særleg tanke på trygg og fin, men også spektakulær nedkøyring.

– Bortsett frå Risenosa, bak Viddal, har dei andre tre fjella denne spesielle dimensjonen å få køyre frå toppen og til fjøresteinane. Risenosa har på si side den aller finaste køyreruta, vurderer Myklebust.

Han er fullt klar over at søknaden som no er send kan bli kontroversiell.

– Vi kjenner sjølvsagt til tidlegare søknader om helikoptertrafikk i fjellet kan ha vore omstridde utifrå lovverket og miljøomsyn. Likevel ser vi eit så stort framtidig næringspotensiale i dette konseptet, for ei rekkje aktørar, at vi er berre nøydde å prøve. Eg er overtydd om at denne driftsforma, som har vorte svært så vanleg i Sverige, kjem til å kome hit også.

Varsamt

– Vi ønskjer likevel ikkje svenske tilstandar. Vi som driv med dette er alle naturentusiastar som er svært glade i fjellet og miljøet kring.

– Difor har vi store tankar om å gjere desse testkøyringane så varsamt som muleg. Vi unngår høgtider som påska, vi unngår hekketider for fugl og vi vil i det heile gjere dette så skånsamt som råd. Men å gjere nokre reelle testturar er vi heilt nøydde til for å kome vidare, insisterer Myklebust.

I den samanheng ser han gjerne at nokre fjellvande testkøyrarar melder seg alt no for å vere med.

– Vi har søkt løyve i to avgrensa periodar, i februar og i mars månad. Difor har vi ikkje veldig god tid på oss for å få saka gjennom systemet.

– Vi håper søknaden vert sett like imøtekomande på, som i dei fleire tilfella der det har vore laga skifilmar i ørstafjella, seier Myklebust.

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.no

Bruk av helikopter til kommersielle oppdrag i naturen kjem inn under lova om motorferdsel i utmark. Men i mange høve er det gitt dispenasasjon til spesielle formål, også i Ørsta kommune.
Jarle Myklebust ynskjer å gje Hjørundfjord Adventures ein pilotposisjon innan skiturisme.
I tillegg til helikoptersvev til topps, er det utforsvev som dette som kan vere forlokkande på skituristar som andre stader i vinterverda har synt seg å vere svært så betalingsvillige.