Eit jordras gjekk seint fredag kveld mot to bustadhus i Vartdal i Ørsta. Bustadane ligg i Årsetdalen og raset traff inngangspartiet på det eine huset og fylte kjellaren.

I følgje politiet var det to eldre personar som bur på staden, og dei opplyste at dei ikkje kom seg ut frå bustaden.

Raset vart meldt klokka 23.38.

- Ein av bebuarane tok kontakt med politiet og forklarte situasjonen, seier operajonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt like etter midnatt.

- Aldri sett noko slikt

Leiv Kvien har budd i Årsetdalen i heile sitt liv.

- Eg har aldri sett elva så stor som i går. Det buldra og var mykje stein i rørsle, fortel han til smp.no.

Sonen Ottar seier han aldri har sett maken.

- Dette var enormt. Det var utrulege mengder masse i raset. Eg hadde aldri forestilt meg at dette kunne skje, seier han.

Jordras

Politipatruljen som rykte ut frå Ørsta/Volda på veg til Vartdal vart hindra av fleire jordras som hadde gått over vegen. Dei måtte difor  ta seg fram til fots det siste stykket.

Huset i Årsetdalen som vart fylt av jordmassar ligg midt i dalen, der vegen deler seg i to og går parallelt på begge sider.

Smp.no har vore i kontakt med en bebuar i nærleiken, som kort tid i forvegen høyrde buldring i fjellsida. Han valte difor å ta med familien og flykte frå huset.

40 personer evakuert

Klokka 00.40 meldte politiet at to personer var redda ut av huset i Årsetdalen, begge er uskadd.

- Og begge er brakt til Vartdal skole.  Flere hustander i området er evakuert, opplyser Overøye.

Lørdag morgen melder politiet at totalt 40 personer er evakuert.

- To bolighus har fått skade, i tillegg til tre bilar. Det er ikkje meldt om personskade

Trygt å reise hjem.

Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta kommune, sier lørdagettermiddag at de evakuerte nå kan flytte hjem. To geologer fra NVE (Norgesvassdrags- og energidirektorat) har saumfart området og kommet fram til at deter trygt for de evakuerte å reise hjem nå.

Har du opplysningar eller bilde til denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no eller ring 95 400 400

Ras ved Årset. Foto: Svein Aam
Foto: Svein Aam
Ottar og Leiv Kvien ved rasstaden i Årsetdalen. Foto: Svein Aam