Tobarnsfaren Cheikh Thiam opphavleg frå Vest-Afrika var utan straum i husværet sitt i Ørsta. For å få varme, eller for å lage mat, har han fyrt opp ein grill innandørs – rett ved senga. Det konkluderer politiet etter å ha etterforska saka som mistenkjeleg dødsfall.

–Vi trur at mannen ikkje har vore klar over kor farleg det er med open eld i eit tett hus. Og det har nok med hans kulturbakgrunn å gjere, seier lensmannen i Ørsta, Guttorm Hagen.

Forgifta

Obduksjonsrapporten stadfestar at 36 år gamle Cheik Thiam døydde av kolosforgifting. Dette er ein usynleg, giftig gass som vert utvikla ved ufullstendig forbrenning av karbonhaldig materiale – slik som grillkol.

Cheikh Thiam har to born, som bur ein annan stad i landet. Han kom til Norge for å bli gjenforent med familien, men har blitt skilt frå kona si.

Ifølgje lensmannen i Ørsta har UDI i seinare tid gjort vedtak om utvising, men han vil ikkje gå inn nøyaktig bakgrunn for dette vedtaket.

Straumselskapet: - Hadde vore i kontakt med NAV

Elev

Cheikh Tiam var elev ved Volda vidaregåande skule.

–Dette er forferdeleg tragisk, ikkje minst når vi høyrer om omstenda, seier rektor Trond Hjelseth.

Han deltok sjølv i gravferda, som fann stad 15. november.

– Skulen markerte dødsfallet med minnestund i klassa. Vi flagga og på halv stong, og vi var ei gruppe på 12–13 frå skulen som deltok i gravferda, seier Hjelseth.

Rektor gir den avdøde eleven gode skussmål.

– Han var veltilpassa, og oppførte seg som ein godt integrert elev. Det var ikkje noko som tyda på at han var i ein vanskeleg situasjon. Det som skjedde kom svært overraskande, seier Trond Hjelseth.

Var mørkt i huset

Straumleverandøren Tussa stadfestar at straumen vart kopla frå ei veke før dødsfallet vart oppdaga fordi straumrekningar ikkje hadde blitt betalt.

– Eg la merke til at det var mørkt hos han dei siste dagane, men tenkte at han var vekkreist, seier naboen, Marit Bjørdalsbakke Skaar.

Ho fortel at det var eit normalt godt naboforhold.

– Han var ein høfleg og triveleg kar. Sambuaren, Jarl Vartdal Vinjevoll, deltok i gravferda.

– Dette er veldig tragisk, og som naboar spør vi oss sjølve om vi burde vore meir merksame. Men vi visste ikkje at han var utan straum, og det var ofte mørkt inne hos han, så vi tenkte ikkje over det, seier han.

Trond Hjelseth er rektor ved Volda vidaregåande v.g. skule , der den avdøde var elev.
Cheikh Thiam. Foto: Volda vgs.
Guttorm Hagen er lensmann i Ørsta og Volda.