Berre ein liten tupp av den 24 centimeter lange trebiten stakk opp av grusen då geolog Atle Nesje kom over den. Trebiten låg der fronten av breen smelta vekk i 2006.

C14-dateringa viste at den er mellom 2100 og 2200 år, skriv avisa Fjordingen. Dermed er geologane no heilt sikre på at det vaks skog her på den tida.

Dette er første gong at det er funne restar av skog så langt inne i Briksdalen, fortel geolog Atle Nesje, som sjølv er frå Olden.

Selje

Han mistenker at trebiten er av selje. Nesje trur at den frysetørka og oppskrubba trebiten kjem frå eit tre som var mellom 10 og 20 år.

– Trebiten er såpass avrunda at det også ser ut som at den har vore under breen. Dette er eit handfast bevis på noko vi har rekna med, seier Nesje til Smp.no.

Jostedalsbreen borte

Geologen har lenge vore ganske sikker på at Jostedalsbreen har variert mykje sidan siste istid. Avsetningane på botnen av innsjøar rundt breen viser at den må ha variert mykje i storleik.

– Ein periode, truleg for mellom 7300 og 6100 år sidan, finn vi berre planterestar på botnen av innsjøene, og ikkje slam frå breen. Derfor trur vi at heile Jostedalsbreen var borte på den tida. Då var det rundt to grader varmare enn i dag, og skoggrensa var rundt 300 meter høgare enn i dag, seier Nesje.

– Vi hadde også indikasjonar for at breen for 2000 år sidan var ganske tilbaketrukke. Det vi no har funne er eit handfast bevis på dette, seier Nesje.

Sidan år 1900 har Briksdalsbreen gått tilbake med 1,2 kilometer. Det meste av dette har skjedd sidan 90-talet.

– Det er vel ikkje faget ditt å sjå framover i tid, men kva har dette funnet å seie for korleis breen vil vere i framtida?

– For 7000 år sidan var det rundt to grader varmare enn i dag. Klimamodellane, dersom dei slår til, viser at det om hundre år er enno varmare enn dette, seier Nesje.

Den 24 centimeter lange trebiten som vart funnen ved Briksdalsbreen i sommar er mellom 2.100 og 2.200 år. Foto: Atle Nesje
Geolog Atle Nesje, like ved staden der han i sommar fann den 2000 år gamle trebiten. Arkivfoto: Ove Sveen