Fjordenes Tidende skriv i dag at Selje Hotel har fått nye eigarar. Ekteparet Gerd Kjellaug og Harald Berge har drive hotellet sidan 1976 og vore eigarar sidan 1983. Dei har begge nådd pensjonsalder og har ei tid jobba for å selje hotellet. I helga var dei nye eigarane på plass.

Det er storfamilien Akcay frå Stockholm som tek over hotellet, inkludert spa- og thalasso-tilbodet.

Hotellsjef Aydim Akcay seier til avisa at dei er ein stor familien som ønskjer å bu på ein plass i Norge der dei kan bu og arbeide saman. Dermed vil dei også gi eit solid bidrag til folketalsvekst i Selje.

Dei nye eigarane legg ikkje opp til store endringane, men det blir ny bar og nokre endringar på romma. Det blir også pizzarestaurant ved hotellet, og det skal bli meir musikk.

- Det er litt vemodig, men vi er ferdige med den prosessen, sidan salet har teke så lang tid, seier Gerd Kjellaug Berge til avisa.

Dei gamle eigarane vil i ein overgangsperiode bli å sjå ved hotellet, sidan dei er innstilt på å vere med og støtte dei nye eigarane i starten.