Vanylven Utvikling AS tilset Svein Gjelseth (63) som landet sin første utviklingsnavigatør. Han skal jobbe tett med moglegheitene som kjem når Stad Skipstunnel er på plass, og med Rovdefjordbrua og med næringsutvikling i Vanylven.

Tilsetjinga av den tidligare stortingspolitikaren og Ap-ordføraren i Herøy betyr auka satsing på spesielt to prosjekt som er svært viktige for ei distriktskommune med utfordrande samferdsel, skriv Vanylven Utvikling i ei pressemelding.

Planlegging

- Stad Skipstunnel vil bety så enormt mykje at den vil føre til ei ny tidsrekning for Vanylven. Men det er viktig å vere i forkant og posisjonere kommunen, og det er viktig å være tilstades i dei prosessane som handlar om for eksempel planlegging og regulering, seier Gjelseth i pressemeldinga.

Også ei realisering av Rovdefjordbrua vil bety ein ny kvardag for Vanylven og kommunikasjonen til regionale senter på Sunnmøre.

- Med Gjelseth på plass kan vi følgje desse prosjekta langt tettare og ha eit endå større fokus på moglegheitene. Den kjennskap og kunnskap han har til systemet på nasjonalt nivå vil være svært viktig for det vidare arbeidet med prosjekta, meiner dagleg leiar i Vanylven Utvikling, Ane Malene Søvik Nygård.

Næringsutvikling

Gjelseth, som er utdanna ingeniør og adjunkt, har blant anna stortingserfaring som medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen, og har tidlegare vore samferdselsrådgjevar for Vanylven. I tillegg til å vere ein nær samarbeidspartnar i dei to store samferdselsprosjekta, skal han også arbeide for næringsutvikling i Vanylven kommune.

Så langt Vanylven Utvikling kjenner til er han den første i landet med den stillingstittel utviklingsnavigatør.

Les fleirenyheiter frå Søre på smp.no