– Dette var heilt ukjend for meg fram til i ettermiddag, seier fungerande ordførar i Vanylven, Ottar Jan Løvoll, fredag kveld.

Det var avisa Synste Møre som først gjorde Vanylven kommune merksam på innsparingsforslaget. Styret i Ambulanse Midt-Norge skal komande torsdag forsøke å kutte 25 millionar kroner i ambulansebudsjettet.

Eitt av dei forslåtte tiltaka er å fjerne dagambulansen i Vanylven.

Å fjerne dagambulansen i Vanylven vil gje redusert beredskap, men det blir vurdert som forsvarleg mht. total oppdragsmengde, skriv administrasjonen i sakspapira.

Av totalt 10 kuttforslag er fem i Trøndelag, tre på Nordmøre og to på Sunnmøre.

– Vi er 25 millionar kroner unna balanse, og vi har plikt til å levere eit budsjett i balanse, seier styreleiar i Ambulanse Midt-Norge, Petter Bjørdal, til Sunnmørsposten.

Eiksundsambandet

Det andre innsparingsforslaget på Sunnmøre er å redusere ambulanseberedskapen i Ulstein.

Etter at Eiksundsambandet kom er det ifølgje Bjørdal ikkje gjort nokon endringar i ambulansetenesta i dei fire kommunane på Ytre Søre.

– Eg opplever at det som er foreslått no er eit ledd i ei slik endring, seier styreleiar Petter Bjørdal, ei knapp veke før styret skal gjere eit vedtak.

Lang responstid

For Vanylven har ikkje styreleiaren i Ambulanse Midt-Norge eit like klart svar. Vanylven har i dag ein døgnambulanse, og i tillegg ein dagambulanse fem dagar i veka.

At dagbilen i Vanylven er i veldig lite bruk er styreleiaren og varaordføraren einige om.

Men ei tidlegare undersøking viser at responstida for ambulansar i Vanylven er heile 28 minutt. Dei nasjonale retningslinjene tilseier ei maks responstid på 25 minutt.

I nabokommunen Sande er det enno verre, her er responstida heile 32 minutt, og i Volda 26 minutt, ifølgje undersøkinga.

– No ønskjer vi dialog med kommunen og med helseføretaka om beredskapsplanen i Vanylven, seier styreleiar Bjørdal i Ambulanse Midt-Norge.

– Kva tenker du om den lange responstida i mellom anna Vanylven?

– Nasjonale normer for responstid vil vere eit sentralt tema for styret, svarer Bjørdal.

Heiv seg rundt

Fredag heiv varaordføraren i Vanylven seg rundt, for å sikre seg at mellom andre kommunelegen kjem i formannskapet på måndag for å orientere i saka.

– Dagbilen blir lite brukt. Men det er tryggleiken vår som forsvinn. Responstid er tryggleik, seier Løvoll.

Varaordførar Ottar Jan Løvoll (t.h.) og ordførar Jan Helgøy i Vanylven. Foto: Knut Arne Aarset
Petter Bjørdal t.h., saman med styrleiar John Harry Kvalshaug og adm.dir Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal. Foto: Frode Kleiveland