Vi lker å tru at vi er like i Norge, og mange trur at ein er likare på Sunnmøre enn ellers i landet. Men ungdata-undersøkinga viser at det er tydeleg forskjellar på ungdomen som vel skular med yrkesfaglege liner og ungdomen som vel skular med meir allmennfag.

Sjå dei interaktive statistikkane til høgre i saka (nedst på mobilutgåva): Dei grå søylene er vidaregåande skular, medan dei blå er ungdomsskular

Ulike miljø

– Det heng saman med sosiale ulikheiter og familiebakgrunn. Elevane kjem frå forskjellige miljø, forklarer Bente Wold, professor ved det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Ho har forska mykje mellom anna på sosial bakgrunn og helse. Wold seier at ungdomar som kjem til skular med mykje allmennfag eller skular med mest yrkesfag også møter forskjellige klima.

– Dei møter ulike forventningar og verdiar.

Dette gjeld både blant elevane og lærarane ved skulen, meiner Wold.

– Ja, det er grunn til å tru at dei vaksne og lærarane ved yrkesfaga har anna bakgrunn og utdanning og ein vil nok finne ein høgare andel av lærarane som røyker ved skulane med yrkesfag enn elles.

Medan det på landsplan er om lag ti prosent av elevane ved vidaregåande skular som røyker, er det dobbelt så mange på «yrkesskulen» Ørsta vidaregåande skule. I Ulstein og Volda er det under halvparten av landsgjennomsnittet.

Ulike verdiar

Røyking har på to generasjonar gått gjennom ei reise der det på 50-talet var dei høgt utdanna og særleg legar som røykte. No er det dei med lav utdanning og dårleg økonomi som røyker mest.

– Og dette ser ein igjen hos dei som veks opp, seier Bente Wold.

– Men ein treng ikkje å ha mastergrad for å vite at røyking er farleg?

– Nei, men ved å velje yrkesutdanningar så inneber det ofte eit anna verdisystem, eit anna livssyn og anna adferd.

Mellom anna gir det utslag i denne undersøkinga i at «allmennungdomen» deltek langt meir i organiserte fritidsaktivitetar og heng mindre ute om kveldane enn «yrkesungdomen». Dei les også meir bøker og spelar mindre dataspel enn dei som vel yrkesfag. Av dei nærast kuriøse funna i ungdataundersøkinga er at elevane ved dei yrkesfaglege linene i Vanylven shoppar mykje meir enn elevane i Ulsteinvik som strengt tatt har tilgang til fleire butikkar. Dette handlar ikkje om nettshopping, og spørsmålet dei er stilt er om dei to gongar eller meir i veka er i butikken for å sjå eller og handle.

Nye klasseskilje har vokse fram

– Dette handlar også om sjølvregulering, forklarer Bente Wold.

– Barn til foreldre med høgare utdanning får betre kompetanse til å gjere sjølvstendige val og følge dei opp. Medan dette med klasseskilje tidlegare har vore knytt til økonomi, vert det no peikt på at det er ferd med å vekse fram klasseskilje knytt til sosial ulikheit.

– Verdiane har endra seg frå kollektiv tankegang til individuell friheit. Det er opp til den enkelte å finne ut av livet. Det krev eit visst sett av ferdigheiter. Men kva med dei som ikkje får desse ferdigheitene? Det kan føre til ein ny type underklasse.

Kremungdom på Ulstein vidaregåande

At det er forskjellige typar ungdomar på yrkesfag og allmennfag, var ikkje noko nyheit for elevar ved Ulstein vidaregåande skule.

– Nei, det er no berre å sjå seg rundt det, seier elevrådsrepresentantane frå første klasse ved Ulstein vidaregåande skule (UVS).

UVS har tyngda med elevar frå studiespesialiserande fag i tillegg til elektro og service- og samferdselsfag. Sigurd-Andre Kvalsund går på elektro i Ulsteinvik, og vedgår at dei er litt ein eigen gjeng med eige miljø på skulen. Men samtidig er det slik at elevane har kontakt på kryss og tvers av klasser.

– Her er eit veldig bra miljø. Vi trivest godt, er oppsummeringa til førsteklassingane.

Gode kvalitetar

Ungdata-undersøkinga viser at førsteårselevane ved UVS har mange gode kvalitetar. Nesten det einaste dei skårar «dårleg» på er kor mange som har løna arbeid i tillegg til skulen. Men det kan for eksempel henge saman med mangel på tid sidan UVS-elevane også er dei som er mest med på fritidsaktivitetar.

– Mykje idrett og fotball, men også musikk, kulturskule, politikk, krik og tensing.

Dei ramsar opp slikt folk er med på. Det er variert og det er mykje.

– Det er ikkje slik at det vert press for å vere så veldig flinke, då?

– Nei. Her er rom for å vere annleis og eit veldig inkluderande miljø. Det er ikkje slik at ein må gjere veldig mykje for å bli godteken.

Utiklar seg kulturer

– Kva meiner de er årsaka til at skulane med mange elevar på studiespesialiserande skårar så annleis enn skular med mange yrkesfaglege elevar?

– Det har med kva type elevar som går der og kva type ungdomar som vel ulike liner. Og så utviklar det seg ulike miljø og kulturar på skulane. Elevrådsleiar Elisabeth Myklebust Hide seier førsteklassingane i år er eit fint kull.

– Betre enn vanleg slik at det kan slå ut på årets undersøking?

– Nei. Det er stort sett kjekke folk som går her. Elevundersøkingane viser at vi har bra miljø i klassene, og er det noko vert det teke tak i.