Krenka. Dette seier elevrådsleiar og tredjeårs elektroelev Kristian Woldseth ved Ørsta vidaregåande skule.

Det var tysdag for ei veke sidan at Sunnmørsposten presenterte ei sak basert på Ungdata si gransking av grunnskule- og ungdomsskuleelevar over heile landet.

Følg smp.no på Facebook

– Nedlatande

Saka har fått elevar og lærarar/tillitsvalde i Ørsta til å reagere både kraftig og i fellesskap.

– Kva reagerer du på?

– For det første kjenner eg meg overhode ikkje att i det som vert presentert som statistiske fakta. Eg tenkte at dette kan då umuleg gjelde vår skule.

Snus, røyk og vald

Som elevrådsleiar meiner han å ha temmeleg bra oversikt.

– Ingen i min klasse røykjer, knapt nok snusar. Eg ser faktisk ikkje særleg mange av dei tre hundre elevane her røykje.

– Endå mindre ser eg elevar som slåst, slik det i denne saka kan sjå ut som er nesten daglegdags. Eg føler eg går på ein flott skule, der vi som elevar blir møtte med respekt og får den beste oppfølging, anten vi vil gå vidare på skule, vil ut i lærlingordningar eller til arbeidslivet direkte, seier Woldseth.

Allmenn søster

Han viser til spekulasjonar i saka i Sunnmørsposten om at foreldra si sosiale stilling verkar inn på borna sitt skuleval.

– Artig nok så har eg sjølv ei søster som går allmennfag i Volda. Eg veit ikkje anna enn at vi har same foreldra, men at vi har valt kvar vårt skuleløp likevel, smiler Kristian Woldseth.

Bak ligg alvoret:

– Eg fryktar at negativ omtale som den vi fekk i Sunnmørsposten, kan vere med og svekke søknaden hit. Kanskje særleg mellom jenter, som kan få inntrykk av ein skule dominert av gutar som røykjer og slåst og ikkje gjer lekser.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Lærarstøtte

Elevrådsleiaren får støtte av lærarane, som også er kritiske til vinklinga denne saka fekk. Rolf Lystad tek for seg statistikken om yrkesfagelevar som les mindre lekser enn jamaldringar på allmenn.

– Dei har 30 timars skuleveke, medan vi har 35 timar. Hos oss gjer elevane hovudsakleg unna skulearbeidet på skulen. Som lærar gjev eg av same grunn aldri lekser, men i staden tidfesta prosjektarbeid, fortel Lystad.

Han stiller seg tvilande til om statistikken tek høgde for slike grunnleggjande fakta på dette punktet.

– Kva med svarprosenten om at fleire yrkeselevar slåst då?

– Ein heilt naturleg variabel. Tre fjerdedelar her er gutar, medan det er nesten motsett tal på allmenn. Som kjent har gutane i denne alderen ein testosterontopp. Men dette er altså naturleg og noko vi taklar heilt fint, hevdar Lystad.

Sjå statistikken som lå til grunn for saka her

Forbilde

Lærar Johan Bertel Vartdal har eit anna døme på det han kallar insinuerande vinkling:

– Det vert i saka sagt at røykjande lærarar, altså dårlege forbilde, kan vere årsaka til at fleire yrkeselevar røykjer. Dette kan i alle fall ikkje gjelde på vår skule, der berre ein av 56 lærarar røykjer, seier Vartdal.

– Vi får dei beste tilbakemeldingar når vi regelmessig tek med oss elevane ut i næringslivet. Mange av dagens toppar der ute har gått nettopp på skulen her i Ørsta. Brått er ein av desse sjefen din, minner Vartdal om.