Skulen i Leikong-bygda vart natt til torsdag utsett for innbrott og inne på skulen har nokon forsøkt å sette fyr på bygget.

Skulen er torsdag stengt, etter at foreldre eller andre vaksne har henta borna.

– Det er mange både barn og vaksne som no er lei seg og opprørt over at nokon kan gjere slikt med hensikt, seier rektor Jan-Helge Langberg ved skulen til smp.no.

Svimerker

Ifølgje politiet har gjerningspersonane knust eit lite vindauge i inngangsdøra, for deretter å ha tatt seg inn i gangen. Ved inngangspartiet er det sølt med ei ukjend type væske.

Denne væska er óg spruta ut over i gangen og eit klasserom.

– Før gjerningsmennene har forlate staden, har dei forsøkt å setje fyr på noko papir ved utgangen, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Da smp.no var på staden, var det tydelege svimerke på golvet og oppetter hovuddøra inn til skulen. Ei stor gummimatte same stad har ikkje teke skikkeleg fyr.

Brannalarmen gjekk

Politiet reiste frå staden klokka 10 etter å ha gjort undersøkingar.

Først sa politiet at brannalarmen vart utløyst ca kl. 0430 i natt. Seinare endra politiet tidspunktet til i 02-tida.

Politiet ber om at eventuelle observasjonar av personar eller køyretøy i området blir meldt til politiet.

Alarmen er ikkje kobla vidare til 110-sentralen, og innbrotet vart oppdaga av personalet i barnehagen som ligg vegg i vegg.

Kom og henta

Det vart ein hektisk morgon for dei skuletilsette. Elevane vart samla ved grendahuset like ved medan heimane vart varsla. Alle elevane var torsdag føremiddag henta av vaksne.

– Vi snakka med alle foreldra på telefon, og dei har anten henta sjølv, eller ordna det slik at andre henta, seier rektor Langberg til Herøynytt.

Rektor seier at det ikkje var muleg å helde vanleg undervisning med politiet ved skulen, og reparasjonar og reinhald som måtte gjerast. Han håpar elevane kan vende tilbake til skulen allereie fredag.

– Vi må setje oss ned i løpet av dagen og finne ut korleis vi skal ta vare på elevane best muleg, seier rektor til smp.no.

Samanheng?

Leikanger skule har ikkje tidlegare vore utsett for innbrot eller hærverk, men måndag denne veka måtte dei kommunale vaktmeistrane rykke ut til en anna skule.

Om lag ti laminerte ruter var då knust ved Bergsøy skule.