Politioverbetjent og etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth seier at politiet torsdag har hatt ei rundspørjing i nabolaget på Leikong, etter eldspåsetjinga i Leikanger skule i Herøy. Politiet er svært interessert i å få tips om saka.

Det viser seg at det har vore ein tilsvarande episode ved gamle Myrvåg skule. Dette er ein skule som skal rivast. Natt til onsdag har vore nokon inne og forsøkt å setje fyr på bygget.

– Vi ser svært alvorleg på dette, og har sett inn ekstraressursar på saka. Vi vil gjerne høyre frå publikum om det er gjort observasjonar av folk eller bilar ved begge desse stadene, seier Hjelmeseth.

Brannalarm klokka 02

Torsdag ettermiddag går politiet ut og endrar på tidspunktet for då brannalarmen gjekk ved Leikanger skule. Brannalarmen stod og ulte då personalet kom til skulen. Alarmen er ikkje tilkobla 110-sentralen.

Dermed kan det altså ha vore i 02-tida natt til torsdag at innbrotet og brannstiftinga har skjedd.