Over denne artikkelen kan du sjå kva for hobby dei to voldingane, Marius Beck Dahle og Marius Helland Bøstrand, og ålesundaren Svein Erik Bjørkedal har teke til med.

Speedflying er ein ekstremutgåve av paragliding der ein kan fly raskare og nærare terrenget.

– Det vert som å stå på ski ned frå fjellet med venger. Det er jo utrolig praktisk når du har gått opp, seier Beck Dahle til smp.no.

Følg smp.no på Facebook

Første gong?

I helga var dei på tur til Slogen (1564 meter) i Ørsta og filma turen ned til dei landa framfor Hotel Union på Øye. Beck Dahle trur ikkje nokon andre har forsøkt speedflying ned frå den kjende fjelltoppen midt i Sunnmørsalpane.

Men han legg ikkje skjul på at dei framleis har mykje å lære.

– Ein kan óg gjere akrobatikk, men dit har ikkje vi komen enno, seier han.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Kurs for nybegynnarar

Voldingane gjekk på det første kurset som vart arrangert for nybegynnarar i denne sporten no i februar, og påpeiker at dei legg vekt på tryggleiken.

Ettersom begge to er habile fotografar, skal du ikkje så vekk frå at det vert publisert fleire luftige bilde frå den kanten også.

– Ja, det er klar. Dette skal vi ha det mykje moro med, avsluttar Beck Dahle.