Dei mange trebåtane er eit forskingsprosjekt i lag med Runde miljøsenter og Vard.

Golfstraumen er ei voldsom elv som går langs kysten av Norge. For å vise fram denne havstraumen, skal mengder av trebåtar setjast ut i frå Runde 1. påskedag.

På båtane er det festa namn og beskjed til dei som seinare finn båtane om at dei må gi beskjed til avsendar og til Runde miljøsenter.

Følg smp.no på Facebook

– Vil vekke oppsikt

Det er venta at nokre av båtane hamnar i nære fjører, andre kan fare så langt som til Finnmark, Russland og kanskje til og med endå lenger. Kvar båtane hamnar vert registrert på heimesida til Runde miljøsenter.

– Etter kvart vil dei gjenfunne båtane gi eit svært godt bilde av korleis havstraumen bevegar seg. Det vil etter kvart også dukke opp funn på venta stader som vil vekke oppsikt.

– Vi ser på opplegget både som eit forskingseksperiment og som ein pedagogisk opplegg, heiter det i pressemeldinga frå Runde miljøsenter.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Påske på miljøsenteret

Meldinga om trebåtsleppet kjem samtidig som Runde miljøsenter fortel om mange andre aktivitetar i påska.

I tillegg til snekring av trebåtar, er det lagt opp til skattejakt ved Runde fyr og jakt etter påskeegg på Rundefjellet. Kart over egg og skattar kan hentast ved miljøsenteret.