Fefast-styret har i dag (tysdag) hatt telefonmøte og konklusjonen er klar: Det er ikkje aktuelt å legge ned Fefast-organisasjonen etter tapet for Hafast (Hareid fastlandssamband) som framtidig stamvegkryssing av Storfjorden.

Klikk på grafikken over for å sjå korleis Hafast kan løysast!

– Nei, vi skal om kort tid samlast til eit nytt møte, og vi ser ingen grunn til å leggje ned arbeidet no, slår Paul Kristian Hovden fast. Han driv til dagleg gravferdsbyrå og er varaordførar for KrF i Ørsta.

– Det vart uttrykkjeleg sagt under møtet i Ålesund måndag at avgjerda er endeleg, og ikkje opnar for omkampar?

Manglar pengar og tidsplan

– Er du ein dårleg tapar no?

– Nei. Det går ikkje an å snakke om korkje tap eller omkamp, når spelereglane tydelegvis er så ulike som det har vist seg i denne saka.

– Ikkje minst vart eg skeptisk når ikkje regjeringa la fram korkje planleggingspengar eller ein tidsplan. I staden skal dei styrke kortsiktige tiltak. Det fortel meg at dei kanskje ikkje har så stor gjennomføringstru på prosjektet i ytre, dei heller. Kanskje tvert imot, seier Hovden.

– Blå pengemakt på ytre

Hovden framstår som skikkeleg kampklar, etter å ha fått summa seg etter valet av Hafast måndag kveld.

– Eg vil faktisk gje ros til Hafast-styret for godt og effektivt arbeid for si sak og sitt syn. Kritikken min er derimot retta mot regjeringa, og vårt eige fylkesting for den del, som eg er viss på ikkje våga å setje seg opp mot den blå pengemakta på ytre, analyserer Hovden.

Han meiner at forkjemparane for indre linje via Stryn alt no kan heise flagget, dersom dei trur på Hafast-gjennomføring.

– Halslaus satsing

– Fordi eg nektar å tru at regjeringa kan gå inn på endå eit usikkert milliardsluk med midtre linje via Stigedalen, altså gjennomføre dei to desidert dyraste, lengste og teknisk mest krevjande prosjekta i stamvegbygginga. Eg trur aldri det kan skaffast politisk ryggdekning for ei slik halslaus satsing, og ikkje under noko omstende i rimeleg nær framtid. Vi får nok i første omgang stifte nærare kjennskap til finansminister Siv Jensen i så måte, spår Hovden.

Droppar gravølet

– Det var snakk om ein milliard kroner, og at denne skulle få eldreomsorga på anstendig fote. Så kan ein diskutere resultatet. Og så kan ein gange opp denne eine milliarden med dei tosifra tal milliardar regjeringa ser ut til å ville bruke på eit kort stamvegstrekke, inviterer Hovden.

Han er overtydd om at Fefast-styret vil få viktige oppgåver for gode vegløysingar i åra framover.

– Difor har eg heller ikkje tinga gravøl for Fefast-organisasjonen, seier Paul Kristian Hovden, no med eit glimt i auget…

Fefast-leiar Paul Kristian Hovden er kompromisslaus i si nedvurdering av Hafast som stamvegalternativ. Foto: Knut Arne Aarset