Hareid-ordførar Anders Riise (H) har grunn til å smile og dele ut kake til dei kommunetilsette, dagen etter at regjeringa avgjorde å gå for Hafast-alternativet - flytebru mellom Hareid og Sula som del av ferjefri E39.

– No når avgjerda er teken, må vi innstille hovuda på at brua over fjorden faktisk kjem. Dette vedtaket betyr ei ny tid for Hareid. Kva tid brua kjem vert eit spørsmål om når prosjektet får planleggingsmidlar. Kjappaste vegen fram er nok ei seks-sju år trur, ordføraren.

Ikkje noko ferje-sakn

Rådmann i Hareid kommune, Bent Arild Grytten, bur på andre sida av Breisundet og tek ferja til og frå jobb kvar dag. Turen med ferje over fjorden tek om lag ein halvtime.

Viktig for heile regionen

Dagleg leiar i Hareid næringsforum, Rakel Dyrhaug, er også med på kakefesten. Ho seier at Hafast-vedtaket er like viktig for regionen som for Hareid åleine.

– Regjeringa har teke ei klok og framtidsretta avgjerd, som gir heile regionen gode muligheiter for utvikling - og dei muligheitene må vi nytte oss av, seier Dyrhaug.

Rakel Dyrhaug i Hareid næringsforum peikar på kor viktig dette er for heile regionen. Foto: Hild Nordal