Med campingstolar, gule refleksvestar, caps, blokk og hårfønar var alt klart for ein liksom-radarkontroll i russeregi, melder Fjordenes Tidende.

Det var onsdag morgon at bilførarar ved Måløybrua fekk seg ein støkk på Riksveg 15 i Vågsøy kommune.

I 60-sona var nemleg russejentene Siv Oldeide og Benedikte Flataker. Dei "kontrollerte" bilar med hårfønar.

– Det er hys­te­risk mor­osamt når vi ser at bi­lis­tane slakkar ned og trur det fak­tisk er radar­kon­troll. Men vi vin­ka dei sjølvsagt berre vi­dare, og når dei ser rus­se­buk­se­ne skjøn­ner dei jo teikninga, seier rus­se­jen­te­ne til avisa.

Oldeide og Flataker enda opp med ei russeknute etter liksom-kontrollen.

- Vi får ein refleks i snora på russelua, fortel Benedikte til Fjordenes Tidende.

Les saken hos Fjordenes Tidende her.

FOTO: Kari Midtgård Råsberg/Fjordenes Tidende