Neppe alle jobbar er like populære i påska – når sola og blåhimmelen endeleg openberrar seg. Men ikkje alle klagar over jobblagnaden, i alle fall ikkje Malin Storøy (23) som gjekk på nattskift påskedag klokka 19 om kvelden.

Smp.no passerer dama ved Nortrax as sin leidebil ved Hjartåbrua, like ved søraustre munning på nybygde Hjartåbergtunnelen. Der sit ho ved tenestebilen og sleikar sol – med store mørke solbriller på ein plastkrakk.

– Ja, her må ein fange opp kvar muleg stråle, snart går sola ned og det vert mørkt, smiler Storøy.

Nesten like mørke som inne i 3,5 kilometer lange Hjartåbergtunnelen, der Storøy må patruljere med vaktbilen kvart 20. minutt – begge vegar.

– Tunnelen er kjempefin han, men manglar varslingssystem enno. Difor må her vere døgnvakt med patruljering, forklarer Storøy.

Ho fortel at ho er utdanna hudterapeut og har jobba to år på spa i Geiranger. No er målet å kome seg på sjøen, og jobben i vaktselskapet Nortrax, med base i Ålesund, er dermed ei mellomlanding.

– Korleis held du deg vaken gjennom ei slik monoton tolv timars nattevakt?

– Kaffi, og musikk! Fortel dama, som har lokale Arne Mo frå Ørsta som ein av favorittartistane for å halde seg pigg og vaken. Låten frå bilanlegget er umiskjenneleg i så måte.

– Eigentleg ein kjempefin jobb, dette! Eg har vore her ein lengre periode no. På dagtid, med konstant dirigering av mykje trafikk – og surt ver, er det langt tøffare enn akkurat no. Her i sola medan påsketrafikkensusar forbi, smiler tunnelvaktar Malin Storøy.