Skiene Leif brukte på toppturen er minst 75 år gamle treski frå Volda skifabrikk, stavane var av god, gammal bambus-sort. Beksaumskorne han hadde på seg har vore Hoggen sin svigerfar sine. Den gamle skihopparen stilte også i skjorte, slips og v-genser då han la ut på stortur i påska.

- Antrekket og utstyret måtte då vere i stil med han som gjekk på tur, smiler 85-åringen.

Fekk kalender-ide

Frå godstolen heime i Vikebygda i Volda, fortel Hoggen at det var eit bilde av Kolåstinden i årets Tussa-kalender som utløyste planane om tur. Biletet er teke av Håvard Myklebust, som er kjærast med barnebarnet til Leif. 85-åringen har gått mykje på ski i sitt liv, men har aldri før vore på Kolåstinden.

- Då sa eldstesonen vår, Jan Peder Hoggen, at dit skulle han ta meg med i vinter. Og slik vart det.

Både sonen Jan Peder og Håvard Myklebust var med på turen. Dei er vande fjellfolk, og la opp til ein tur i roleg tempo. Strålande sol frå blå himmel førte til våt vårsnø, og vasstrukne treski.

- Det var tungt ja, føtene vart gåen. Men eg tenkte aldri på å snu. Vi tok det med ro og hadde mange pausar, fortel Leif.

Vasstrukne ski

Han syntest det var svært å kome på toppen av den 1432 meter høge Kolåstinden.

- Slik ei utsikt! Ein ser nesten heile Sunnmøre derifrå. Det var litt av ein tur på ein strålande dag.

På nedtur var Leif glad for å ha treski som ikkje rann så fort. Han kryssa seg ned fjellsidene på gamlemåten, og til stor glede for kona Liv som meinte turen var galskap, så kom han heim like heil som då han for. Den spreke 85-åringen er ute og arbeider med ved eller stein nesten kvar einaste dag, og trur det er årsaka til at han held seg så frisk og sprek som han gjer.

- Om det blir fleire toppturar? Det veit eg ikkje. Men eg veit i alle fall at det vert ikkje på treski, seier han.