Melding om arbeidsulukka som skjedde ved Moltustranda, kom ved 11.40-tida. Både brannvesen, politi og ambulansehelikopter rykka ut.

– Etter det vi har fått opplyst har mannen befunne seg på planet av ein lastebil, og komen i klem mellom bilen og krana, opplyser operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Mannen skal ifølgje dei første meldingane ha fått brotskader, men vart ikkje sittjande fastklemt etter ulukka. Han skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Vitne på staden er avhøyrt, men kva som har skjedd er førebels uklart, opplyser operasjonsleiaren.

Etter det smp.no kjenner til, skal ulukka ha skjedd i samband med levering av varer til ei privatadresse. Det vart først opplyst at ulukka skjedde ved ein fiskebedrift, men det stemmer ikkje.