Seint torsdag kveld vart ein mannleg gjest i 70-åra teken hand om av politiet i Volda.

- Han hadde blant anna slått til ei vakt i ansiktet, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt.

Hendinga skjedde klokka 23.55, og mannen - soom var berusa - vert anmeldt.

I Ulsteinvik måtte ellers politiet stogge ein russefest ved Ulstein vidaregåande skule i 2-tida, etter klage på bråk frå naboar.

I Ulsteinvik vart også ei kvinne i slutten av 30-åra teken for narkobruk, etter at det vart funne brukarutstyr heime hos ho.