No ventar Kystverket på svar frå Havforskingsinstituttet og Sintef, for å få svar på kva som vart funne langs sunnmørskysten torsdag.

Ei rekkje stader har det kome inn meldingar om forureining i sjøen på ytre Sunnmøre, og funn av død lundefugl ved Runde har bekymra blant andre dagleg leiar ved Runde miljøsenter, Nils Roar Hareide.

Smp.no har fått tilgang til Kystverket sine bilete frå overvakingsflyet.

Sjå bileta og karta i bildeserien over!

Sende opp fly

Torsdag kveld i 18.30-tida sende Kystverket ut sitt overvåkingsfly for å prøve å kartleggje området med det «kvite stoffet» som er funne.

Stoffet ligg flekkvis frå Ulsteinvik, forbi Runde og utanfor Kvalsvik, men og vest av Giske og eit stykke ut i havet, opplyser Njøten.

Alge-teori

- Kva slags stoff kan det dreie seg om?

- Det vi trur herifrå, og som vi no sjekkar ut, er at det kan vere ei oppblomstring av algar. Det liknar på eit tilfelle som vi og såg i Oslofjorden tidleg i april, seier Njøten til smp.no fredag morgon.

Kystverket er no i dialog med Havforskingsinstituttet for å finne ut av kva det klebrige stoffet er for noko, og prøvar vert og send til Sintef i Trondheim for analyse.

- Dette er eit seigstoff som flyt i sjøen og hamnar på stranda, og i Oslofjorden vart det konkludert med at det dreidde seg om ein kisealge av slekta melosira, som er heilt ufarleg.

Død fugl

- Det er funne død sjøfugl i området, kan stoffet vere årsaka til dette?

- Det er det vanskeleg for meg å svare på, men stoffet er klebrig, og kan hende svekkar det bevegelsane til fugl om dei får det på seg. Men det er uråd å seie om dette har direkte samanheng, seier Njøten til smp.no.

Har du funne stoffet i sjøen eller i fjøra? Tips andre lesarar ved å bruke kommentarfeltet under:

Kystverket sitt overvåkningsfly LN-KYV er spesialutrusta for miljøovervakningsoppdrag og var torsdag kveld i aksjon over ytre Sunnmøre. Foto: Kystverket