Ferjestrekninga Sulesund-Hareid får denne veka ein forsmak på Norled sine planar. «Ullensvang» er sett inn i sambandet medan ei av dei andre ferjene er på service.

Dermed får både Norled og bilistar prøve korleis det er med smal landgang og å måtte køyre ned i kjellaren på ferja.

Ordførar Anders Riise i Hareid fortalde til Smp.no måndag føremiddag at han registrerte kor lang tid det tok å fylle ferja.

– Ferja er utforma slik at at det tar lang tid både å fylle og tømme ferja, seier Riise. – Ferja gjekk frå Hareid over tida, klokka 9.04, 10.08 og 11.09. Etter 11-ferja stod to vogntog igjen, og at det skjer i stillaste tida på føremiddagen er sjeldan. Dette kjem til å eskalere utover dagen, sa Riise til Smp.no måndag føremiddag.

– Når ettermiddagstrafikken set inn frå kl 14 og utover er det berre å rekne med endå større utfordringar, sa han.

Mellom i 11-tida og halvto-tida såg Ullensvang ut til å greie å halde halvtimesrutene - altså at forseinkingane ikkje vaks seg større. Men så vart det verre.

Kartet over viser kvar ferja ifølgje Marinetraffic var klokka 15.02. Då skulle den gått frå Hareid klokka 15, men der var den først klokka 15.10.

– Betydeleg effektivisering

Ullensvang er sett inn denne veka medan ei av dei andre ferjene er på service, og det er første gong ferja går i sambandet Sulesund-Hareid.

– Eg har snakka med båten to gonger i dag. Dette handlar både om å manøvrere båten og å fordele bilane. Mi erfaring er at det er eit betydeleg læringspotensieale, seier driftssjef Inge Andre Utaker til Smp.no i 12.30-tida.

Båten er ny for mannskapet, dei kan enno ikkje bruke den effektivt. Dessutan får Ullensvang større kapasitet i 2015 enn i dag, om lag 10 bilplassar meir, understrekar leiinga i Norled.

Brev til fylket

Måndag føremiddag sende Hareid-ordføraren eit brev til fylkeskommunen. Han trur det er lite mannskapet kan gjere med situasjonen.

«Som ordførar i Hareid kommune ber eg om at Møre og Romsdal Fylkeskommune  snarast sender nokon til Hareid for å med sjølvsyn observere korleis denne ferja fungerer.(ikkje fungerer) i dette sambandet. Ein forventar og at alle forseinkingar og attståande bilar vert grundig registrert og kvalitetssikra.», skriv ordføraren til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Til Smp.no er han krystallklar:

– Dette er katastrofalt, for næringslivet som skal ha av garde varene sine, og det stel frå folk si arbeidstid og fritid. Og for folk som skal med ferja vidare til Molde forplantar det seg.

Det er akkurat denne veka at ferja Ullensvang går i sambandet.

– Fylket må følgje opp dette denne veka. Dette er akkurat det vi sa på førehand. Dette går ikkje. Det vi har hevda heile vegen stemmer. Denne ferja er ikkje noko å setje inn permanent frå 1.1.15, seier han.

– Kan dette vi ser i dag vere tilpassingsvanskar?

– Nei, eg ser ikkje på dette som tilpassingsvanskar, det er i tilfelle heilt marginalt. Dette kan ikkje mannskapet gjere så mykje med, ifølgje Riise.

Sei di meining i kommentarfeltet under

Berre ein bil i breidda køyrer her om bord på Ullensvang. Foto: Anders Riise. Foto: Anders Riise