– Dette betyr at vi har ei regjering som ser på Sogn og Fjordane som eit forbikøyringsfylke og ikkje eit verdiskapingsfylke, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at han er blitt kjend med avgjerda om at E39 skal leggast i indre Nordfjord.

Erna Solberg: – E39 skal gå over Kvivsvegen

Han har kjempa hardt for midtre linje og han legg ikkje skjul på at han er skuffa over avgjerda.

– Og her handlar det berre om kor billig vi kan byggje vegen, seier Bjørlo.

Eid-ordføraren minner likevel om at E39 vil gå gjennom Eid og Gloppen i lang tid framover. Han forventar difor strakstiltak med 20-minuttsfrekvens på ferja og opprusting av dårleg veg frå Sandane til Byrkjelo.

Kvivsveggeneralen: – Fornufta har sigra

Bjørlo fortel at han er ganske utmatta, no når avgjerda endeleg er teken.

– Ein ting er konklusjonen, men det er trist å sjå meiningslause argument. Statsministeren har ikkje sett seg inn i saka, meiner Bjørlo og viser til fleire rapportar som viser at midtre vil skape meir utvikling. Reisetida vil også også den same.

Bjørlo har likevel ikkje gitt opp målet om bru mellom Anda og Lote: – Og det reknar vi ikkje med at statsministeren vil motarbeide, seier han.