Den danske legen som er bildrap-tiltalt etter dødsulukka på Bryggja, visste at han var under gransking frå Statens helsetilsyn. Allereie i 2011 vart han granska for fagleg uforsvarleg arbeid som lege og for fleire alvorlege tilfelle av trygdesvindel, melder NRK Sogn og Fjordane.

Måndag må legen møte i Fjordane tingrett, der han er tiltalt for aktlaust bildrap. Han var påverka av medikament då han kolliderte med seksbarnsmora, og hadde ei hastigheit på minst 125 km/t då det small.

Blant klagane han hadde mot seg, var økonomisk rot med pasientrekningar, feilutbetalingar frå staten til han sjølv og uforsvarleg oppførsel i møte med døyande pasientar. I 2012 fekk han i tillegg klagesak mot seg som legevakt ved Nordfjord sjukehus.