Tysdag 3. desember i fjor døde ei kvinne i 50-åra etter å ha blitt påkøyrd av ein ung mann på sykkel.

Ulykka skjedde på fylkesvegen på Nordre-Vartdal rundt klokka 18.11.

Mannen var tiltalt for å ha brote føresegna i Vegrafikklova om at alle skal ferdast omsynsfullt, vere aktsam og varsam i trafikken slik at det ikkje kan oppstå fare eller forårsakast skade.

Erkjende skyld

Syklisten var ikkje myndig då ulykka skjedde og er tidlegare ustraffa. Han erkjende skyld då saka kom opp.

Dommen falt i Søre Sunnmøre tingrett den 3. juli.

– Tiltalte har teke imot dommen og aksepterer den, seier Andresen.

Slepp truleg straff

Dommen frå Søre Sunnmøre tingrett var i tråd med aktor sin påstand.

Fastsetjing av fengselsstraff blei utsett med ei prøvetid på to år.

Det betyr at straffa fell bort dersom han held seg utanfor trøbbel dei neste to åra. Om han ikkje gjer det så blir det då fastsett ei fengselsstraff med utgangspunkt i både denne og ein eventuell ny dom.

Retten meinte at mannen handla aktlaus, men at han ikkje var grovt aktlaus.

Dårleg lys på staden

Den tiltalte sykla ned ein bakke på ein delvis opplyst fylkesveg på Nordre-Vartdal.

Ulykka skjedde 8 meter forbi nærmaste lyktestolpe. Tiltalte var på veg ut av lyskjeglen frå lyktestolpa.

Der gjekk kvinna gjekk saman med to venninner og to hundar.

Det var mørkt og dårleg ver og tiltalte høyrde på musikk. Kvinna blei treft av sykkelen slik at ho datt og slo hovudet i bakken.

Var aktlaus

Ho døydde dagen etter av skadane på St. Olavs hospital i Trondheim.

Retten fant at tiltalte hadde vore aktlaus fordi han ikkje tilpassa hastigheit og merksemd til mørkre og dei dårlege vêrtilhøva på staden.

Det var derimot ein lite trafikkert veg som han kjende godt. Skadane kom ifølgje retten som følge av fallet og ikkje sjølve krasjen.

Retten meinte at tiltalte ikkje hadde vore grovt uaktsam og han blei derfor ikkje dømd til å betale oppreisning til dei etterlatne etter dødsulykka.

Dommen falt i Søre Sunnmøre tingrett den 3. juli. Foto: Knut Arne Aarset