Det var like før klokka 00.30 at politiet i Sogn og Fjordane fekk melding om at ein kabel hang ned frå eit armatur inne i ein av Strynefjellstunnellane.

Statens Vegvesen vart varsla, og dei stengde vegen ein halvtime for å ordne på dette, opplyser operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vegen vart opna att klokka 00.50.