- Eg synest ikkje det er lenge sidan nedteljingsappen på mobilen viste 400 dagar, smiler ein reiseklar seglskuteskipper Kjell Arne Steinsvik (31) frå Dalsfjorden i Volda.

Ingenting indikerte at denne mannen nokon gong skulle bli skipper på eigen skute. Men etter at Møre-Nytt-journalisten intervjua eit par som budde i båt på hamna i Ørsta, var frøet sådd. No fem å seinare er jordomsiglinga klar for sjøsetting.

Sjekketrikset

Steinsvik tenkte, spekulerte, fantaserte, googla og kjøpte sin første båt. Ein seglbåt der mykje måtte gjerast, og der alt måtte lærast frå botnen av. Frå kjøl til mastetopp. Ein krevjande lekkasje måtte fiksast, motoren måtte heiloverhalast.

Så heldt søstera bryllaup heime i Steinsvika, dit Kjell Arne reiste med seglbåten sin. I løpet av helga hadde ungkaren sjekka opp ei av dei single gjestene, som skulle bli både sambuaren og skipsreiaren for ein nyare og endå større seglbåt: Kristine Nygård (37) frå Bergen.

Kutta tampane

Etter tre år om bord i etter kvart fiks ferdig og nedbetalt båt, er ho klar for utror.

- Eg gled meg veldig tiil dette. Eg trur vi er så klar som vi kan få blitt, smiler Kristine.

Ho står med nål og sjømannsterk tråd - fiksar ei rift i kalesjen over kahyttnedgangen. Og sjøklar, det inneber for Kristine at ho har sagt opp jobben sin i barnevernet gjennom tre år. Kjell Arne har kutta tampane til Møre-Nytt etter nesten sju år år som journalist.

Kort etappe

Turen, som skal vare i tre år, gå jorda rundt og ende opp med landfast busetjing i Bergen by, startar altså søndag 27. juli i middagstider. Første oppankring vert truleg ved Sandsøya, trur skipperen.

- Det skal visst vere avskjedsfest for oss på laurdagskvelden, så eg trur det er lurt å halde seg innaskjers første døgnet. Statten kan vi forsere på høglys dag, smiler han.

Mor som matros

Deretter vert ho som i skipspapira er oppført som reiar, Kristine, den som stikk ut kursen: Turen går til heimbyen Bergen, sjølvsagt. Dit skal også mor til skipper Kjell Arne vere med.

- Ho er minimalt sjøvand og heilt sikker på at båten kjem til å sekke under oss! Einaste måten å få sjå kor sterkt han flyt, er at ho får oppleve det sjølv, vurderer steinsvikingen..

Shetland

Tøffaste siglasen han har bak seg til no, var då paret i fjor gjekk til Shetland. Stiv kuling og veldige havbårer gjorde at både båt og mannskap fekk vaska seg og testa litt grenser. Men båten toler truleg meir enn mannskapet, konkluderer mannskapet.

Første del av ruta går i vanlegvis roleg farvatn. Det blir å passere Shetland, Fair Isle, Skotland, irskesjøen, Biscaiabukta - med Kanariøyane i sikte. Der bilr det eit lengre stogg.

Karibia

Seinare vil kursen verte sett mot Kapp Verde, før det verkeleg store strekket over Atlanterhavet mot Karibia.

- Lenger enn til Panamakanalen har vi ikkje planlagt - det verkar litt for langt fram - og vi vil vel endeleg få nok tid til å stake ut kursdetaljane vidare etter kvart. Men vi kjem nok til å bruke den stipulerte tida på tre år, fortel Kristine og Kjell Arne.

Under segl

Dei har ein båt på 41 fots lengd og fire meters breidd, som har kosta dei kring ein million kroner og mykje arbeid. Båten er betalt, og i tillegg har paret greidd å spare seg opp nokre hundre tusen kroner i drifts- og reisekapital. Det kjem til å gå ein del dieselolje, mellom anna.

- Men målet er heilt klart å vere mest muleg under segl - utan motordur, avslører skipperen.

Teori - og praksis

- Vi har lese oss opp på det som går an teoretisk og på nett. Resten skal vi ta i praksis - og som det kjem. Det er det som faktisk er jordomseglinga vi i lang tid har sett fram til, seier det sjøklare paret. Roleg puslande om bord i sin Benetau Osceanis - på ei blikkstille sommarhamn i Ørsta.

Kjell Arne testar kvilepositur som skipper - medan skipsreiar Kristine har funne fram nål og trål til kalesjereparasjon. Foto: Knut Arne Aarset
Kjell Arne og Kristine har i tre år budd om bord i seglbåt her i småbåthamna i Ørsta. No er dei klare for Norskekysten først - så verdshava. Foto: Knut Arne Aarset