Som ein del av sommartreninga til Shetland-turen har Ragnar Thorseth rodd frå Herøy til Håholmen på Nordmøre. Dette er halvparten så langt som det opne havstykket frå Sogn og over til Shetland.

Sjølv den berykta Hustadvika gjekk som ein leik. Her slår storhavet vanlegvis rett inn mot land. Det gode sommarvêret, som har gleda mange i nordvest i juli, gjorde turen ekstra lett.

- Det var flatt hav - og strålande vêr, seier Ragnar Thorseth til Herøynytt.

På Håholmen Havstuer, som han sjølv var med på å starte opp for 25 år sidan, heldt han føredrag for gjestane og opplevde at mange var nysgjerrig både på båten og den planlagde roturen.

Maks frisk bris

Verre tur kan det bli når han skal over til Shetland. Etter at færingen vart sjøsett i mai, har han rodd 400 nautiske mil. Det er nesten like langt som Fosnavåg - Lerwick tur-retur.

Og han har funne ut at det går ikkje an å ro i meir enn frisk bris.

- Blir det meir vind enn det, er det berre å hive ut drivankeret og vente til det gir seg. Frisk bris er maks, seier Thorseth.

- Då kan du altså risikere å måtte ro same stykket fleire gonger?

- Å ja da, det er godt muleg. Men drivankeret gjer at det blir både sikrare og meir behageleg.

I 1969 brukte han 10 dagar på å ro med færingen «Ratho» frå Måløy til Lerwick. Etterpå fortalde han til Sunnmørsposten at han på delar av turen var kvalm og dårleg. Turen til Håholmen tok seks dagar pluss ein kviledag og gav han eit forvarsel på at dette kan bli hardt. 80 nautiske mil på tofta gav det som på godt norsk heiter tresmak i baken.

Ufse-skallen

Den komande vekene blir det nokre kortare treningsturar, mellom anna til Fosnavåg og Ulsteinvik. Lengste turen i haust blir ut til Ufseskallen, eit par nautiske mil utanfor Grasøyane. Desse øyane ser han frå stoveglaset heime i Tjørvåg. Ufseskallen er ei slags grunne i sjøen eit stykke utanfor.

Denne dagsturen er ein del av eit filmprosjekt som Thorseth har inngått med NRK.

For her ute i storhavet vil eventyraren at livsferda hans ein gong skal ende.

- Når eg ein gong går bort, vil eg at aska etter meg skal bli strødd her. Men eg håper jo at eg får mange år enno.

- Og eg reknar med å kome meg både til Shetland og tilbake, seier Ragnar Thorseth (66) til Herøynytt.

Har bevist

- Det var fleire som sa til meg at eg har bevist nok. Det meiner eg sjølv også, seier Thorseth.