Natt til onsdag braka det på ny laust i Ørsta sentrum med bråk og burning frå ulike kjøretøy. Fleire kjøretøy blei stoppa og kontrollert, og deretter bortvist frå sentrum - dei fleste unge sjåførar frå andre stader i distriktet.

Men lensmann Guttorm Hagen i Ørsta seier at politiet eigentleg ønskjer å ha dei unge rånarane i sentrum.

– Vi ønskjer at dei unge skal vere her og møtast, men dei må følgje lovar og reglar. Våre patruljer har no ei kampanje for å skape ro i sentrum, seier lensmannen til smp.no.

Smp.no var til stades i Ørsta sentrum seint tysdag, men då var det rolege forhold.

Følg smp.no på Facebook

Fleire meldt

Hagen påpeiker at dei vil gå hardare til verks om ikkje problema tek slutt.

– Det er fleire som no er meldt for ordensforstyrring og brot på vegtrafikklova. Det gjeld høg musikk, fløyting med hornet og spinning, i tillegg til at nokre kjøretøy blir avskilta på grunn av dårleg teknisk tilstand, forklarar lensmannen.

I samband med arbeidet har politiet óg avslørt promillekøyring, køyring utan førarkort og forsøpling, som dei også slår ned på.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Gir råd

Samstundes gir politiet råd til de unge om kva for reglar som gjeld:

– Det er fleire tusen menneske som bur i sentrum og blir forstyrra av slik køyring og fløyting. Vårt råd til dei som må spele høg musikk er å ta ein tur i tunnelane, eller langs delar av Vartdalsstranda. Å køyre rundt med siderutene nede i sentrum og spele høg musikk om natta er brot på straffelova, fastheld han.

Klager frå bebuarar og hotellgjestar i Ørsta har vore eit problem i fleire år - særleg om somrane.

Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten torsdag