Dette hevdar sauebonde og leiar i Møre og Romsdal sau og geit, Odd Bjarne Bjørdal i Ørsta. Han hadde sleppt sine eigne sauer med lam på fjellbeite ved Trandal, rett før ulvesaka tok laus. Laurdag den 24. mai vart ulven sikkert observert i Strandadalen.

Men alt onsdag 21. mai vart same ulven etter alt å døme observert ved Skylstad, ikkje langt frå grensa til Norangdalen og Ørsta kommune.

– Kunne vore felt umiddelbart

Det er her Bjørdal set inn første kritikken sin:

– Alt på dette tidspunktet burde det vore gitt samla fellingsløyve for dei tre kommunane Stranda, Sykkylven og Ørsta.

– Hadde dette vore gjort, slik vi bad om, kunne ulven vore felt nesten umiddelbart. I staden vart dette ei langvarig jakt, der truleg nærare førti dyr måtte bøte med livet for lystmordaren, seier Bjørdal.

Han seier samstundes at jaktlaget som til sist felte ulven gjorde ein kjempeinnsats og fortener stor takk.

– Men eg vert forferda når eg ser at dei ikkje utan vidare får dekt dei faktiske kostnadene med slik ekstraordinær jakt, så kommunen må sende klage til fylkesmannen, seier Bjørdal.

Han hevdar vidare at Ørsta kommune var svært passiv då ulvejakta stod på.

– Sjølv då ulven var i Hundeidvik, og like gjerne kunne teke vegen rett inn i Ørsta kommune, var folka i kommunen passive og vegra seg for å ta grep.

– Hadde dei kanskje snakka med ulven og spurd kvar han hadde tenkt seg vidare, hugsar eg at eg tenkte, seier Bjørdal.

Gjorde mange vurderingar

Miljøvernleiar Magnar Selbervik i Ørsta seier kommunen stod i nær kontakt med fylkesmannen, og handla i dialog med han.

– Vi gjorde mange vurderingar i denne saka, og vi har evaluert politisk i etterkant. Det var ingen vits i å rope på eit løyve vi etter lova ikkje kunne fått utan observarsjon av dyret, seier Selbervik.

Ulf Lucasen hos fylkesmannen støttar han fullt ut i dette.

– Eg ser ikkje kva vi kunne gjort annleis. Løyva vart gitt på under timen. Og klagesaka frå Sykkylven om løyving skal vi handsame snart, seier han.

– Ein daud ulv er ein pen ulv, hevdar dei argaste rovdyrmotstandarane. Denne, som vart stridens kjerne før han vart felt i Sykkylven 5. juni i år, er vel ikkje noko vidare pent syn. Foto: Nils Harald Ånstad