Jan Kaare Antonsen takkar ein solid dose flaks for at han er like heil etter brutal rundvelt på Strynefjellet, skriver NRK Sogn og Fjordane.

I om lag to timar satt 48-åringen fastklemd i vraket før bergingsmannskap fekk han ut.

Sjåføren fortel at han køyrde utan bilbelte og datt ned mellom seta då ulukka skjedde. Han meiner det redda livet hans.

Antonsen slapp frå ulukka utan alvorlege skader, men er framleis sjukmeld.

Slik vart traileren liggjande etter ulukka på riksveg 15 i Skjåk den 22. juli. Foto: Smp-tipser