Fleire bygder i Herøy er utan vatn tidleg torsdag på grunn av brot i ei vassledning. Det er bebuarar i Myrvåg, Dragsund og Leikong som er ramma, ifølgje Herøy kommune sine heimesider.

Problemet er lokalisert til Torsethøgda og utbetring vil starte i løpet av kort tid, opplyste Facebook-sida til Stemmedalen Vasslag ved 9-tida.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no