På ein dag der det meste gjekk gale, møtte Anne Marie Vaagen frå Hareid den gode samaritan i ein namnlaus drosjesjåfør frå Ålesund.

– Eg hadde ikkje klart meg utan han. Eg er evig takksam, seier 87-åringen til smp.no. Anne Marie fortel også om hendinga i eit lesarinnlegg i dagens utgåve av Sunnmørsposten.

Les innlegget til Anne Marie i e-avisa

Fall ned trapp

15. juli var Anne Marie på tur med turistferja frå Valldal til Geiranger. På veg innover fjorden skulle ho gå ned ei trapp på den gamle ferja.

Anne Marie fall ned ei trapp på turistferja mellom Valldal og Geiranger. Foto: Terje Holm

– Der sklei eg, og fall ned det som var av trinn. Eg vart liggande på dekket. Då tenkte eg at «no er det slutt», seier ho. Så gale gjekk det ikkje. Men ho har framleis vondt, 16 dagar etter fallet.

Etter ein sjekk i ambulansen og på legekontoret på Stranda, bar det vidare til Ålesund sjukehus i drosje.

Vart avvist

– Det var ein lang dag med røntgen, MR og alt mogleg anna. Eg fekk drosje heim til Hareid seint på ettermiddag.

I drosja fekk ho ein telefon frå heimesjukepleia på Hareid.

Svaret var at nei, dei kunne ikkje handle inn til meg eller hjelpe med eit måltid.

– Dei tilbaud å kome med mat frå Hadartun. Men eg kan ikkje ete maten deira av helseårsaker. Eg synest ikkje noko om behandlinga eg fekk hos heimesjukepleia, seier Anne Marie.

Kommunikasjonssvikt

Elly Kirkeslett, kommunalsjef for helse og omsorg i Hareid kommune, seier at heimesjukepleia dessverre ofte ikkje har ressursar til å stille opp med hjelp til innkjøp på kort varsel.

– Innkjøp er noko mange får hjelp til av familie og bekjente, og er ikkje noko vi driv med vanlegvis. Men det kan bli aktuelt i enkelttilfelle, om sosiale eller helsemessige ting tilseier det.

Ho kjenner ikkje detaljane i historia til Anne Marie, men trur det kan dreie seg om ein kommunikasjonssvikt.

– Det er beklageleg om ho føler seg avvist. Men sidan dette skjedde i ei helg midt i fellesferien, er det sannsynleg at ikkje alle vikarane i heimesjukepleia var drilla i rutinene våre, og kommunikasjonen kan ha vore dårleg. Eg vil uansett ta opp dette med leiaren i heimesjukepleia, og oppfordrar også ho (Anne Marie) til å kontakte meg, seier Kirkeslett.

Drosjesjåfør vart redninga

Anne Marie bur åleine, og hadde ikkje nokon på Hareid som kunne hjelpe den dagen. Då heimesjukepleia sa nei, vart drosjesjåføren frå Ålesund redninga.

Anne Marie Vaagen Foto: Privat

– Han såg kor lei meg eg vart etter at eg snakka med heimesjukepleia. «Ikkje tenk på det, eg skal hjelpe deg,» sa han.

Drosjesjåføren følgte Anne Marie på butikken, og bar varene og bagasjen hennar inn i huset.

– Han minte meg om at eg måtte kjøpe oppskoren ost, sidan handa mi var skadd. Og han opna korkane på flaskene, fordi han såg eg ikkje klarte det sjølv. Han var ein utruleg snill mann, ein engel av ein drosjesjåfør.

Vil ha kontakt

Anne Marie fortel at ho er evig takknemleg for hjelpa frå drosjesjåføren.

– Han vart den gode samaritan for meg. Men helsa var så dårleg at eg ikkje fekk med meg namnet hans. Eg vil jo gjerne ha kontakt med han, og iallfall få sendt han ein blomsterbukett, seier ho.

Er du den hjelpsame drosjesjåføren? Eller veit du kven det er? Ta gjerne kontakt med Sunnmørsposten på 95 400 400 eller 95400400@smp.no, så formidlar vi kontakt vidare.