- Det er viktig at folk låser bilar, garasjar og uthus og set verdigjenstandar som syklar, motorsager, reiskap og anna utstyr ute av syne for folk. I motsett fall kan det verelett byte for mobile vinningskriminelle, seier lensmann Inger Lill Lanes i Stryn og Hornindal til Fjordingen.

Ho snakkar av erfaring. Ein dag i sommar fekk ho sjølv ei kvinne på døra som ville selje ting.

- Kvinna som ringte på hos meg fekk eit kontant nei. Trass hunder på tunet brukte ho god tid til å sjå seg om før ho gjekk. Tidlegare erfaring tilseier at vi må følgje med og passe på tinga våre. Det er heller ingen grunn til å tru på historiene dei presenterer om eigen sjukdom eller at borna deira er sjuke, åtvarar Lanes.

Ho seier at det er mykje som tyder på at det har vore to grupper i aksjon samtidig i Stryn. I førre veke vart ei gruppe på ni personar tatt inn til avhøyr hos politiet. Ein av personane i gruppa var kvinna som ringde på hos lensmannen dagen før.