I helga vart det igjen sett ulv på Nordfjordeid, skriv Fjordenes Tidende. Ifølgje avisa vart ulven observert både på Alsaker og på Stokkenes. Også i Heggjadalen har nokon sett han.

Uroa

Saue- og geiteeigarane er uroa.

– Eg likar ikkje tanken på at ulven er her, og håper vi klarer å få bukt med han, seier Arve Dahl i Eid Geit og Sau til Fjordenes Tidende.

Også i fjor sommar vart det obsertert ulv fleire stader i Nordfjord. Fylkesmannen gav løyve til å felle, men jaktlaga lyktes ikkje i å finne ulven igjen.

Lisensjakt ut mars

Hermund Mjelstad, viltforvaltar hos Fylkesmannen, seier at det ikkje er for seint å skyte ulven.

– Det er framleis lisensjakt på ein ulv i regionen vår. Det vart skutt ein ulv i Vest-Agder førre måndag, og då er det ein ulv igjen som ein kan ta i regionen som strekkjer seg frå Aust-Agder til og med Sogn og Fjordane, seier han til avisa.