<strong>undervisning:</strong> ?Vi ønsker lærarar som både er gode på klasseleiing, og som kan gi tilpassa opplæring, skriv artikkelforfattaren.Illustrasjonsfoto: Scanpix

undervisning: ?Vi ønsker lærarar som både er gode på klasseleiing, og som kan gi tilpassa opplæring, skriv artikkelforfattaren.Illustrasjonsfoto: Scanpix

Kronikk:

Pedagogikkfaget i lærarutdanninga offer for gode intensjonar?

I strategidokument «Lærerløftet» skriv regjeringa om den gode læraren. Det blir sagt at «like viktig som fagkunnskap er (…) bred pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse.»

Læraren skal også vere ein tydeleg klasseleiar, god rettleiar og tilretteleggar, etablere reglar og rutiner, ha høge forventningar til korleis elevane skal utvikle seg fagleg og sosialt, utvikle positive relasjonar til elevane, vere i stand til å analysere og forstå læringsfellesskapen i klasseromet, og ta omsyn til elevar sine ulike føresetnader.

Er det å svekke pedagogikkfaget i lærarutdanninga ein god måte å sikre «bred pedagogisk kompetanse» for å møte desse utfordringane ?

Profesjonsfag

I høyringsnotatet om forslag til ny forskrift og plan for 5-årig lærarutdanning, foreslår Kunnskapsdepartementet å endre namn på pedagogikkfaget i lærarutdanninga frå pedagogikk og elevkunnskap til profesjonsfag. Samtidig skal 15 studiepoeng erstattast av ein modul religion, livssyn og etikk, altså står det att 45 studiepoeng til sjølve pedagogikkfaget.

Rammeplanutvalet foreslo namnet for faget skulle vere pedagogikk, og at dei 15 poenga RLE skulle «innbakast» i pedagogikkfaget. Dette har altså vorte skjerpa i Kunnskapsdepartementet sitt endelege forslag –noko som kan oppfattast som at pedagogikkfaget i verste fall vert redusert med ein fjerdedel. Når ein definerer ein heil 15-poengs modul frå eit anna fag inn i pedagogikkfaget, er det jo nettopp substansen ein endrar på. I tillegg må noko ut dersom dette skal inn, overlapping eller ikkje, og dette vil også påverke innhaldet i faget.

Når det gjeld sjølve namneendringa, inneber det i seg sjølv ei grunnleggande endring i korleis ein oppfattar pedagogikkfaget. Faget er både kulturfag og forskingsfag i tillegg til at det er knytt til ein profesjon. Ei namneendring inneber at ein ser bort frå desse perspektiva ved faget. Ein fjernar seg også frå ein tradisjon som har lagt grunnlaget for forståing av kva god undervisning er, og som også handlar om meir enn sjølve lærarprofesjonen.

Kompetanse

Når ein ser på utbyteformuleringane som vert foreslått for utdanninga, ser ein at mange skildrar kompetanse på fleire område som ikkje let seg dekke gjennom skulefaga, men som har høyrt heime i pedagogikkfaget. Når pedagogikk skal få mindre plass, kven skal ta seg av utviklinga av denne kompetansen?

Vert ein nødvendigvis betre til å bygge relasjonar med ein klasse om ein har meir fagkompetanse i engelsk ?

Er ein betre i stand til å forstå elevar si utvikling av sosial kompetanse om ein kan meir matematikk ?

Greier ein i større grad å samarbeide på ein god måte med heimen, og kan ein møte mobbe-utfordringane dersom ein får fleire studiepoeng i engelsk?

Får ein meir kompetanse i avdekking av overgrep om ein har 15 studiepoeng i RLE - faget ?

Meir pedagogikk

Studentane mine på grunnskulelærarutdanninga etterlyser meir pedagogikk, ikkje mindre. Ifølge høyringsutkasta skal det heller ikkje vere nok at studentane har litt kunnskap på område som pedagogikkfaget tradisjonelt har dekt, kunnskapen skal vere «inngåande» .

Med 45 studiepoeng pedagogikk i løpet av heile utdanninga – kan ein få «inngåande» kunnskap – for ikkje snakke om solide ferdigheiter og djuptgåande generell kompetanse ?

I Aftenposten si nettavis kunne ein 29.01.15 lese i ein kronikk av Røe Isaksen at : «fordi (grunn)skolen er vår felles arena, er den også sårbar for byrden av de gode intensjoner.» Han kan nok ha rett i at «The road to hell is paved with good intentions». No vil det nok vere for drygt å påstå at det er den vegen utdanninga går, men i iveren for å auke lærarar sin fagkompetanse – som nettopp er ein god intensjon, kastar Røe Isaksen både mor og barn ut med badevatnet dersom dette forslaget går gjennom.

Vidare seier han om stofftrengselen i grunnskulen: «De har de beste intensjoner, men summen kan lett bli en fragmentert skole hvor fagene og kunnskapen får mindre plass.» Intensjonen om meir fagkunnskap inn i lærarutdanninga fører til ei fragmentert lærarutdanning – der pedagogikkfaget, som nokon tidlegare har kalla «limet» i denne utdanninga, vert svekka – og heilskapen står i fare for å forsvinne. Følgegruppa for Grunnskulelærarutdanninga peika i sin rapport i 2015 på korleis det noverande pedagogikkfaget har vorte meir profesjonsretta enn pedagogikkfaget har vore i tidlegare tider, og slik vorte eit fag mange er nøgde med. Samtidig peikar dei på openberr stofftrengsel, og kjem med følgande tilråding til Kunnskapsdepartementet: «Følgegruppen ber Kunnskapsdepartementet se til at PEL-faget ikke blir et oppsamlingsfag for alle gode intensjoner.»

Kunnskap

Å forvente bortimot same innhald på færre studiepoeng, og å innføre ein modul RLE i faget kan ikkje seiast å vere eit adekvat svar på følgegruppa si oppfordring. Vi ønsker lærarar som er gode på klasseleiing, på å førebygge og gripe inn ved mobbing, som kan nok om barn si utvikling og føresetnader til å kunne gje god tilpassa opplæring, og som kan samarbeide med heimen på ein god måte. Får vi dette ved å redusere fokuset på pedagogisk kunnskap, ferdigheiter og haldningar ?

På toppen av alt dette som vil svekke pedagogikkfaget som fellesfag, ser vi at det i den nye utdanninga ikkje vert muleg å ta ein master i eit pedagogisk fag – som spesialpedagogikk eller fleirkulturell pedagogikk. Så kan ein no spørje seg kva slags faglege vurderingar som ligg bak dei «substansielle» endringane eg opplever som ministerens rasering av pedagogikk- faget i lærarutdanninga, gode intensjonar til trass.

Pedagogiske er dei i alle fall ikkje.

Gunnhild Nordvik Reite
            (Foto: Privat)

Gunnhild Nordvik ReiteFoto: Privat

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

– Såpeglatt og livsfarlig:

– Glatte veger over alt

Flere biler har kjørt av vegen. På E39 ved Plantasjen har to biler kollidert, opplyser politiet.

Låveveggen tatt av stormen

– Det må ha danna seg ein ekstrem vind

– Det ser nesten ut som ein eksplosjon, seier Jan Arve Skåravik, som eig det tidlegare småbruket ved Vatnefjorden.

Fem går videre i Ungdommens musikkmesterskap

– Kjekt å se spillegleden

Fem unge klassiske musikere går direkte videre til det nasjonale mesterskapet i januar.