Samla 600 ungdommar om kommunereforma

– Mykje av det som vert sagt og skrive om kommunereforma er på eit språk som ikkje ungdom forstår.

engasjerte Jenter: – Det er viktig at ungdommen forstår at kommunereform også handlar om saker og ting som unge bryr seg om, seier f.v. Solveig Buvik frå Molde (jobbar for fylkesmannen med tilrettelegging for ungdomsmedverknad i kommunereforma), Marthe Hansen frå Hareid (leiar i ungdomspanelet i fylkeskommunen) og Aurora Dimmen Bratli frå Ulstein (leiar for ungdomsrådet i Ulstein). Alle tre hadde viktige roller under ungdomskonferansen om kommunereforma i Hareidhallen måndag. 600 skuleelevar tok del i arrangementet.

Kommunereform handlar også om ting ungdom er glade i

Solveig Buvik
Fakta
  • Hareid og Ulstein kommunar arrangerte måndag ein ungdomskonferanse med kommunereforma som tema.
  • Kommunar som på ein eller annan måte klarer å engasjere ungdom i kommunereforma, får 50.000 kroner kvar frå Fylkesmannen til arrangementet.
  • Rundt 600 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i dei to kommunane tok del i konferansen.
pluss

Marthe Hansen (19) frå Hareid er leiar for ungdomspanelet i fylkeskommunen. Ho opna ungdomskonferansen om kommunereforma i Hareidhallen måndag.

– Ein god del av det som vert sagt om kommunereforma går rett over hovudet på mange unge, og difor trur dei at det ikkje angår dei. Men det er vi som er unge i dag som skal leve med konsekvensane, så det er kjipt om vi ikkje er med å påverke utfallet, seier Hansen.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Annan ståstad

Ho får støtte frå Solveig Buvik (21) frå Molde, som på oppdrag frå fylkesmannen jobbar med å leggje til rette for ungdomsmedverknad i kommunereforma.

– Vi trur at vi som sjølv er unge kan formidle synspunkt frå ein annan ståstad enn dei etablerte politikarane, og på eit språk dei unge forstår. Eg snakka til elevane her i dag om at kommunereform også handlar om busstilbod, skule, kino og mange andre ting som ungdom er glade i, fortel Buvik.

16-åringar kan røyste

Både i Ulstein og Hareid får ungdom heilt ned til 16 år vere med i folkerøystinga om kommunesamanslåing.

Viktig

Leiar for ungdomsrådet i Ulstein, Aurora Dimmen Bratli (17), meiner det er viktig at ungdommen får informasjon om kva dei skal røyste over.

– Difor er det viktig med ein slik konferanse som dette. Eg håper effekten er at fleire unge tek del i folkerøystinga, seier ho.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ulstein og Hareid gjekk saman

Ungdomskonferansen er eit samarbeid mellom kommunane Hareid og Ulstein.

– Vi fann ut at vi kunne få til eit betre arrangement i lag, enn kvar for oss. Det er nesten som med kommunereforma, smiler Hareid-ordførar Anders Riise.

Han fortel at det å få ungdommen til å reflektere rundt og verte medvitne om kva ei eventuell kommunesamanslåing vil bety for samfunnet dei lever i, er eit av hovudmåla med å arrangere konferansen.

Jann og Kjellen Humorfigurane Jann Leite og Kjellen Bigset meiner at det å stable flest mogeleg personar på ein sykkel, er ei god øving i samarbeid.Foto: Hild Nordal

Jann og Kjellen

Både ungdomspolitikarar og meir vaksne politikarar snakka til publikum under konferansen måndag.

Jann Leite og Kjellen Bigset var innom, for å halde litt leven og kome med gode råd om sparing i nye kommunekonstellasjonar. Elevane fekk også jobbe i grupper med spørsmål knytt til kommunereforma.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook