Statsråd: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie besøkte jobbmesse i regi av NAV i Ørsta kulturhus torsdag. F.v. dagleg leiar i Aurstad, Per Kristian Langlo, Anniken Hauglie og arbeidssøkjar Ben Ruben Kristensen.
(Foto: Hild Nordal)

Statsråd: Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie besøkte jobbmesse i regi av NAV i Ørsta kulturhus torsdag. F.v. dagleg leiar i Aurstad, Per Kristian Langlo, Anniken Hauglie og arbeidssøkjar Ben Ruben Kristensen. Foto: Hild Nordal

Arbeidsministeren besøkte jobbmesse i Ørsta

– Lysare tider

– Alle prognosar tyder på at det tek til å lysne, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Statsråden snakkar om arbeidsløysa i Norge. Etter eit dystert 2016, viser tal frå SSB at talet på arbeidsledige har gått ned med 1500 frå nyttår til mars månad.

– Eg er så glad for å få vere her på jobbmessa, og sjå kor mange bedrifter som har jobbar å tilby. Det er tydeleg at Søre Sunnmøre har eit mangfaldig næringsliv, og at bransjen treng folk er eit godt teikn. Men sjølv om vi no ser eit lys i tunnelen når det gjeld sysselsetting, så kan vi ikkje lene oss tilbake og slappe av, seier ho.

Hauglie oppmodar arbeidssøkjarar om å vise vilje til å stå på, ikkje vere kresne, og til å våge og tenkje nytt.

– Arbeidsgjevarar må også tore å tenkje nytt, og satse på mangfald gjennom ny kompetanse. Det handlar om å gje nokon ein sjanse, og hugs også å satse på dei unge, oppmodar Hauglie.

Synnøve Janette Skeide (46) frå Ulsteinvik er arbeidsledig på grunn av nedskjeringar for andre gong på få år. Ho har tidlegare vore på jobbmesse i Ålesund, og denne gongen i Ørsta. Skeide seier ho blir litt skremt av å sjå kor mange som er ute i same ærend som henne – på leit etter jobb.

– Det er nok ikkje verst for meg. Eg er godt vaksen og etablert, og kan klare meg med mindre pengar ein periode. Men eg er ikkje skapt for å gå ledig, eg trivast best når eg har mykje å gjere. Eg har veldig lyst på jobb. Ein føler seg litt einsam og utanfor når ein ikkje får ta del i arbeidslivet. Eg håper her er bedrifter som kan finne CV-en min interessant, seier ho.

Uformelt

Det er NAV Møre og Romsdal som arrangerer jobbmessa på Ørsta kulturhus. Her kan arbeidsgjevarar med rekrutteringsbehov og arbeidssøkjarar møtast i ein uformell setting. NAV inviterer arbeidssøkjarar frå regionen og stiller med rettleiarar som kan hjelpe til i jobbsøkingsprosessen. På førehand venta NAV om lag 1000 jobbsøkjarar og 40 arbeidsgjevarar til messa.

– Søk på alt mogleg, er rådet til arbeidssøkjarar frå seniorrådgjevar i NAV sitt arbeidslivssenter på Sunnmøre, Per Aage Bjørke.

Han fortel at jobbmesser så absolutt har sin verdi.

– I fjor var det 55 personar som fekk jobb på grunn av jobbmessa. Målet i år er at 75 personar skal få jobb – og det skal vi klare, trur han.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Eg er ikkje skapt for å gå ledig, eg trivast best når eg har mykje å gjere

Janette Skeide
Held motet oppe: – Eg har tru på at det finst ein jobb til meg der ute, seier arbeidssøkjar Synnøve Janette Skeide frå Ulsteinvik. Her er ho saman med seniorrådgjevar i NAV sitt arbeidslivssenter på Sunnmøre, Per Aage Bjørke.
(Foto: Hild Nordal)

Held motet oppe: – Eg har tru på at det finst ein jobb til meg der ute, seier arbeidssøkjar Synnøve Janette Skeide frå Ulsteinvik. Her er ho saman med seniorrådgjevar i NAV sitt arbeidslivssenter på Sunnmøre, Per Aage Bjørke. Foto: Hild Nordal

Leses nå
 

Forsiden nå:

Nattsvart sinn i sommerlyset:

Ensomheten tar ikke ferie

Hva gjør du nå? Kanskje stopper du opp og skriker mot himmelen. Kanskje lar du panna falle inn mot nærmeste stødige trestamme og kanskje, stående slik, gråter du en innbitt, ærlig gråt, som bare fuglene i trekrona over deg kan høre. Eller kanskje synker du sammen mellom gras, siv og greiner.

Slinningsbålet

Vekslende vær lørdag:

Slik blir det under bålet

Lørdag bærer preg av byger, men når Slinngsbålet tennes klokka 21.00 ser det ut til å bli opphold. - Og kanskje et lite solglimt!

Fra klokka 19.00:

Direktesending fra Slinningsbålet

Lørdag tennes Slinningsbålet, Sunnmørsposten og Bypatrioten sender direkte fra Slinningen fra klokka 19. Svart skjerm? Prøv en annen nettleser enn Explorer.