Det er oppmodinga frå Mandy Häger, landbrukssjef i Sykkylven.

Ho fortel til Sunnmørsposten at dei over lengre tid har fått melding frå dyreeigarar om sauer, og spesielt lam, som er blitt ståande fast i slike gjerde oppe på fjellet.

– Dette gjeld både trådgjerde, og nettinggjerde, men aller helst det siste, legg Häger til.

Kommuneplan

Ho seier at dei no vil prøve å få inn eit punkt i kommunedelplanen der det blir streka under kva for gjerde ein kan nytte.

Og då vil det bli teke opp at gjerde som er laga som straumgjerde også må vere kopla til straumnettet, slik at sauene held seg unna gjerda og unngår å setje seg fast, med dei komplikasjonar det fører med seg.

Uromeldinga kring dei farlege gjerda har også vore oppe som orienteringssak i Nærings- og utviklingsutvalet (NU) i Sykkylven.

Gjerde lovleg

Det stadfestar NU-leiar Bjørn Idar Lyngvær (V):

– I Sykkylven er det lov til å setje opp gjerde rundt hyttene. Men det står i regelverket at det inngjerda området berre kan vere på maksimalt 200 kvadratmeter. Det vil ofte bety at gjerde står ca. fire meter frå hytta, seier Lyngvær.

Men samtidig er også han oppteken av at hytteeigarane må sjå på kva for gjerde dei nyttar.

Fleire gonger

Elles kan ein risikere at spesielt lam set seg fast i gjerdet.

– Vi har fått høyre at dette har skjedd fleire gonger oppe på fjellet, seier Lyngvær.

Nettsida

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp) er også oppteken av problema med beitedyr som blir ståande fast i slike gjerde.

Han seier at kommunen skal no gå ut med ei oppmoding til hytteeigarane:

– Vi kjem til å leggje ut ei melding om dette på kommunen si heimeside slik at vi kan unngå fleire tilfelle der dyr blir skadde, og kanskje må avlivast, seier Drotninghaug.