Sunnmøre tingrett.
            (Foto: Staale Wattø)

Sunnmøre tingrett.Foto: Staale Wattø

Fengsla i fire nye veker:

Har funne DNA frå valdtektsikta

Dei tre som er sikta for å ha overfalle og valdteke ei kvinne på søre Sunnmøre i sommar, er fengsla i ytterlegare fire veker.

Sunnmøre tingrett meiner det framleis er grunn til å mistenke tre menn for å ha overfalle og valdteke ei kvinne i eit skogsområde på søre Sunnmøre i sommar.

Dei tre mennene blei varetektsfengsla i juli og er no fengsla i ytterlegare fire veker.

Styrka mistanke

I saka mot den eldste av mennene kjem det i tillegg fram at det er funne DNA, som retten meiner styrkar mistanken mot han.

Ifølgje ein rapport frå Oslo universitetssykehus er mannen sitt DNA funne på fornærma sin gensar.

Rettssak i januar

Når retten har funne grunnlag for å fengsle alle tre vidare, er det lagt vekt på alvoret i saka.

Det blir også trekt fram at rettssaka no er førehandsberamma til veke tre neste år.

Saka kjem etter planen opp for Søre Sunnmøre tingrett. Ifølgje oversikta over rettssaker der, kjem denne saka opp 15. januar, og det er sett av fem dagar til behandling av saka.



Tre personer fortsatt varetektsfengslet

Skal ha overfalt og voldtatt kvinne i skogsområde

De tre som er siktet for voldtekt eller medvirkning til dette blir fengslet i fire nye uker. – Etterforskningen nærmer seg slutten, sier politiadvokat.


Fengslet i fire uker:

Tre menn siktet for voldtekt eller medvirkning

Politiet har åpnet etterforskning mot tre menn etter at en kvinne skal ha blitt voldtatt på Sunnmøre.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå