Må sette opp enda fleire gjerde rundt jordbæråkeren

Forbode å mate hjorten

Fare for smitte av skrapesjuke gjer at det heller ikkje i vinter er lov å mate hjorten. Då må jordbærbøndene sette opp fleire gjerde.

FÔRING: Det er ikkje lenger lov å lage til fôringsplassar for hjort. Arkiv. Foto: Knut Arne Aarset

Valldal: Jordbærdyrkar Peter Arne Døving i Valldal har sett opp fire kilometer med gjerde rundt åkrane sine. No må han sette opp to kilometer til – for å halde hjorten unna. Arkiv. Foto: Terje Engås

pluss

– Vi har fire kilometer med gjerde. No må eg opp med to kilometer til. Det betyr ein meirkostnad på om lag 260.000 kroner.

Det seier jordbærdyrkar Peter Arne Døving i Valldal. Han har tidlegare lagt ut fôr for å halde dyra unna åkrane. Men dei siste åra har han ikkje hatt lov til dette.

Så då er det berre gjerde som tel. Gjerda, som er to meter høge, skal hindre dyra i å kome seg inn på åkrane og ete opp jordbærplantene.

Forbodet mot å fôre hjortevilt ved å leggje ut fôr eller saltslikkesteinar gjeld over heile landet.

Koordinator Elisabeth Schei-Berg ved Mattilsynet, Region Midt, seier til Sunnmørsposten at forbodet er innført for å hindre mogleg spreiing av sjukdommen skrantesjuke.

Spreiing skjer lett når dyra samlast i flokk, slik dei gjerne gjer på ein fôringsplass.

– Kor omfattande er slik fôring?

– Det er ikkje kartlagd. Men vi ser at det skjer ulike stader når vi er ute på oppdrag.

Schei-Berg forklarer at somme legg ut fôr til hjorten fordi dei har omsorg for dyra. Andre har jakt i tankane. Og så har ein altså bøndene som prøver å halde hjorten unna jordbærplantene ved å lokke med fôr.

Skrantesjuke vart for første gong oppdaga i Norge på ei villreinsimle i Nordfjella våren 2016, opplyser Mattilsynet.

Dette var det første tilfellet av sjukdommen på reinsdyr, og det første tilfellet av den smittsame sjukdommen i Europa.

Mattilsynet opplyser at det til no er påvist i alt 16 tilfelle i Norge: 12 på villrein i Nordfjella, to på elg i Selbu, eitt på elg i Lierne – og eitt tilfelle på ein hjort i Gjemnes på Nordmøre.

Veterinærane fortel at skrantesjuke fører til gradvis tap av nerveceller. Det kan gå opptil fleire år før smitta dyr viser symptom. Men når dei først blir sjuke er vekttap og endra oppførsel dei mest synlege symptoma. Og sjukdommen er dødeleg.

Mattilsynet seier det er svært liten risiko for at sjukdommen kan smitte over på menneske. Men for å vere føre var er smitta dyr ikkje godkjend som mat.

Men kva så med jordbærdyrkarane? Er det håp om dispensasjon frå fôringsforbodet?

– Dei kan ta kontakt med oss, så skal vi drøfte om det er mogleg, seier Elisabeth Schei-Berg.