Ny fagbok om nynorsk for dei minste

Oppmodar til meir nynorsk i barnehagar

Sjølv i dei nynorske kjerneområda syng barnehagebarn songar på bokmål og les bøker på bokmål. – Det trengst meir medvit om nynorsk i barnehagane.

Forfattarar: Tre av forfattarane i boka «Nynorsk med dei minste» jobbar ved Høgskulen i Volda. Frå venstre Gudrun Kløve Juuhl, Liv Kristin B. Øvereng og Anne Marta Vadstein. Målgruppa for boka er studentar, tilsette i barnehagar og skular, faglærarar og forskarar, og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Fakta
  • «Nynorsk med dei minste» er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste.
  • Ei rekkje fagfolk frå ulike universitet og høgskular har bidrege. Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger-Budal er redaktørar for boka.
pluss

Det meiner tre artikkelforfattarar frå Høgskulen i Volda som alle medverkar til boka «Nynorsk med dei minste» som er gitt ut på Samlaget.

– Barn i barnehagar i nynorskområde har behov for å møte nynorsk, slik at nynorsk ikkje er ukjend for dei når dei begynner på skulen. Eg trur det er behov for ein meir medviten tanke om nynorsk skriftstimulering, seier Gudrun Kløve Juuhl, ein av forfattarane i boka som blei presentert på boklanseringslunsj på Høgskulen i Volda måndag.

Må planlegge for nynorsk

Kvart år startar oppunder 8.000 barn i barnehagar i nynorske skulekrinsar og skal ha nynorsk som opplæringsmål. Spørsmålet som har ført til boka er om desse barna møter skriftspråket sitt så tidleg og så mykje som dei bør. Mykje tyder på at så ikkje skjer.

Gudrun Kløve Juuhl har følgt ein fireåring i ein barnehagen i det nynorske kjerneområdet.

– Denne barnehagen bruker konsekvent nynorsk. Likevel ser vi at vaksenleia aktivitet med språk, tekst og song, er på bokmål, seier Juuhl og legg til at i ein travel barnehagekvardag må ein planlegge og vere medviten på bruk av nynorsk.

Ein måte å auke medvitet på er til dømes å lage ein lokal rammeplan, slik Ørsta kommune har gjort. I tillegg krev det at tilsette til dømes tenkjer gjennom kva songar ein syng.

Viktig å lese tekst

Liv Kristin B. Øvereng trekkjer fram at barn kan vere omgitt av nynorsk, men likevel ikkje ein del av nynorsk interaksjon.

– Høgtlesing på nynorsk er viktig. Mange likar å lese på dialekt, og dette er også bra, men barna må møte skriftspråket tidleg. Tekstlesing gir anna språkstimuli enn samtale i daglegtale, seier Øvereng og viser til at ein brukar fleire ord og anna setningsbygning og grammatikk når ein les tekstar.

Digitale verktøy

Anne Marta Vadstein er oppteken av dei digitale verktøya som finst, også for barn i barnehagealder.

– Vi veit at bruk av digitale verktøy skjer berre i liten grad i samtale med vaksne. Samtidig veit vi at læringseffekten er størst når vaksne snakkar med ungane, samtidig som dei spelar, seier Vadstein.

Ei utfordring er det også at tilsette i barnehagane ikkje veit kva som finst av bøker og digitale verktøy, men dei tre forfattarane ser at det no stadig kjem fleire gode verktøy. Til dømes finst det lister av alt som finst av nynorske barnebøker.

Berre ti prosent av bøker for barn og unge er på nynorsk.

– Det er lite tilfang, og då er det viktig å lyfte fram det som er, seier Øvereng.

Vadstein minner om at det ikkje er noko i vegen for at også barnehagar i bokmålsområde har bøker på nynorsk.

Og at det er behov for ekstra merksemd mot nynorsk er forfattarane ikkje i tvil om:

– Det er noko med den massive påverknaden i storsamfunnet, så det er absolutt behov for å møte nynorsk spesielt, seier Øvereng.