Det seier Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal. Han har aldri før fått telefon frå Ekornessjefen, og forstod at det måtte vere noko særs viktig.

– Han ville fortelje meg kva som var på gang, slik at eg skulle vere førebudd når media ringde. Samtidig fekk eg munnkorg til kl. 09.30, fortel Lødemel

– Det aller, aller viktigaste for oss er arbeidsplassane ved Ekornes sitt anlegg i Hornindal. Det er berre kommunen som har fleire tilsette her. Difor er det viktig at vi får behalde fabrikken. Og kan nye eigarar i Kina føre til auke i møbelsalet, vil ikkje noko vere betre enn det. For det er ledig kapasitet ved Ekornes sitt anlegg i Hornindal, seier Lødemel. Ekornes har om lag 76 tilsette i Hornindal.