– Bjella eg prøver å ringe handlar først og fremst om menneske som er fanga i eit system der pengar og tal har fått altfor stor plass. Desse mjuke verdiane som ikkje kan talfestast taper terreng: omsorg, varme, omtanke der tida sjølv er medisin. Problemet sit høgare enn den akuttøkonomiske situasjonen. Dette er eit symptom på ein underliggande sjukdom, seier Egil Romslo Schistad som er lege ved Ålesund sjukehus. Foto: Staale Wattø

Egil Romslo Schistad: Legen som sa ifrå

Vedtaket frå styret om nye, gigantiske millionkutt fekk sjukehuslegen til å reagere: – Hæh?!! Anten er dei maktarrogante eller så har dei ikkje peiling på kva som går føre seg. Søren heller, dette blir feil.